Månadleg arkiv: juli 2010

NC maraton i Sarpsborg

Debyen min innen Norges cup sykkling på terreng var under ekstremt harde og gjørmete forhold. Mykje regn den siste tida hadde gjort løypene forferdelige våte og gjørma prega store delar av stipartia som eg følte det var mange av :P
Eg hadde bestemt meg for å gå hardt ut å prøva å henga med dei beste så lenge det lot seg gjera. Det lykktes eg med og satt heilt i fronten ganske lenge. Men etter litt manglande teknikk i sti partia sleit eg som ein makk med å henge med då det vart lange sti parti og med ein utforkjøring ned ein slalom bakke som var passe krevande ^^. Eg måtte innsjå at da tross alt var farlig mange mil igjen til mål og måtte derfor kjøre min egen fart ei stund. Satt då aleine ei god stund før ei gruppe på ca 6mann tok meg igjen. Her var farten meir passelig og satt fint med. 2mil frå mål tråkka eg til i eit seigt parti og fekk med meg Otto Eikeset. Vi kjørte frå gruppa med rundt 5minutter. Då skal da og seiast at eg hadde meg ein tur i grøfta i tillegg. Gjekk heldigvis bra, men litt sviing på armane etter litt for mykje brennenesler akkujratt der eg tryna! :P
Etter mykje kniving på slutten mot Eikeset og ein Hard rocx syklist trakk eg det lengste strået oss imellom.
Det gav meg ein fin fin 14plass i terreng debyen(ca 70startande). Godt fornøgd med det og i underkant av 19min bak den suverene vinnaren Lars Ragnar Manengen som var over 7min forran Greg Sow på andre plass^^.

Om det gav meirsmak å kjøra terreng eller ikkje er eg ikkje heilt sikker på enda. For det var rett og slett eit 3,5timers helvete!! hehe men kan heldigvis trøsta meg med at løypa var mykje hardare og meir teknisk enn maraton løyper pleier å vera. Heldigvis!! ;)

Endringa i planane

Eg skulle på dette tidspunkt vore ankomme Halmstad i Sverige for å kjøra Bure 2dagers. Men fekk veta at da bare var rundt 30 påmeldte i menn senior så då gadd ikkje eg kjøra 7tima kvar vei for å vera med på da…
I staden for fekk eg, Stian Slemdal og Lars Stensløkken etterpåmeldt oss til Norges cup ritt i maraton som går i Sarpsborg i morgo.
Det er vist ei knall hard løype på 77km med heile 1400høgde meter fordelt på sti, grusvei, kjerrevei og diverse….Det har dei siste dagane vore mykje nedbør på østlandet så forholda kjem nok trulig til å vera skikkelig gjørmete og enda hardare pga suge føre. Så dette kjem nok til å bli ei skikkelig kraft prøve!!

Både gleder og kvir meg litt, men trur da blir morro! Har alldri prøvd NC ritt på terreng før så det blir spennade å sjå kor fort disse gutta sykle ;)

Pes!

Har for tida besøk av mammo og pappen her på Gjøvik. Dei kom hit i går i ein gammal rust holk av ein Toyota Hiace som dei har fått lånt seg. For å slå mange fluer i ein smekk i dag med tanke på både trening og å få litt tid sammen med besøket vart da til at vi kjørte pes.
For dei som ikkje skulle veta kva “pes” er, så er det altså å ligge bak ein bil på hard økt for å få kjørt hardt med høg fart. Då var jo hiacen genial!
Det vart til at mammo var sjofør, Britt-Line kart lesar og “speedometer”, mens pappen satt og stor koste seg når speedometeret viste 90km/t ;)
Fekk rundt 1time med pes og god fart i kroppen. God trening no før sesongen begynner på igjen.

Skal i helga til Sverige for å kjøra Bure 2dagers. Etter det går det slag i slag kvar helg heilt til hausten slik sesong planen ser ut no….;)

Nydelige forhold!

liten pust i bakken på Utåker!;)


I går søndag fekk eg samla ein fin gjeng på 6stk som tok oss ein rolig tur i utvilsomt årets mest perfekte vær! Totalt vindstille og sol frå så godt som blå himmel og rundt 23 røde grader!! :) :)
Turen starta for min del i Omvikdalen der Eg, Onkelen min Dagfinn og Ole Gunnar Nes sykla retning Utåker og. På turen utover var det planlagt å møta Ole Vidar Monsen i Uskedalen, Cristian Nupen Røssland og Tor HVeem starta litt før oss frå Husnes og møtte oss på Ljosnes. Turen gjekk så til Utåker der vi tok 5min på ferjekaien før vi tråkka heimover igjen. Tok runden opp i Uskedalen og vidare til vegarbeidet begynnar på Årsnes før vi snudde heim at. Eg fekk ca 110km med snitt fart på 31,5km/t mens dei to frå Husnes fekk nærmare 150km! Sprek gjeng og artigt å kunne samlast ein gjeng i heim kommunen og :)

Hardingrittet


I strålande sol og lite eller ingen vind gjekk Hardingrittet som er eit turritt frå Utne til Lofthus av stabelen. 77km gjennom ein fjord full av eple og morelle tre, og faktisk ein del publikum langsløypa. Var ei stund Tour de france tildensa då eg såg folk stod oppe på ein traktor for å heia!!

Rittet er å betegna som så godt som flatt. Vanskelig å komme i frå, men i år klarte vi faktsik det. I eitreimstunnelen like før Odda skrudde Jørgen Eide og eg opp farten. Folk var tydeligvis ikkje heilt oppservange på at det skulle skje. Då vi kom ut av tunnelen var vi 8mann som hadde fått luke. Då var det bonn fitte til vi klarte å få såpass luke at hovedfeltet gav litt opp. Vi kjørte heilt ok sammen og etter litt små støting utan resultat vart det delt seier på oss 8. Vi trilla på linje over mål då det ikkje var lov å spurte. Snitt fart på ca 44km/t og tida ca1t og 45min.

Var faktisk usikker på om eg skulle stille til start i dag, pga rufsete helsa. Men gjorde no da likevel. Responsen frå kroppen var heilt som forventa. Litt tunge bein litt tømmerstokk følelse, men dei klarte å gampa på litt likevel ;)

Tar turen over fjellet:)

Bilde frå Kvitegga som er Omvikdalens laveste fjell på ca 660moh


I morgo tar eg bilhjula fatt og reiser vestover! Skal bli godt å kjenne sjø lukta igjen og få sjå fjell og fjordar.
Har ikkje vore på retta sida av fjellet sida påsketider så virkelig på tide no. Synd det bare blir ei helg heima. Men jobber kaller så lyt tilbake til Gjøvik på søndag.

Status når det gjelder formen min så er den desverre ikkje slik den har vært eit par vekers tid. Som dåke veit vart eg litt skranten i slutten av sist veke og er ikkje 100% på hugget enda. Men eg reknar med å stille på Hardingrittet som går på laurdag. Satser på å blåse ut eventuelt rester av skit i maskineriet med den gjennomkjøringa ;) Skulle eg eventuelt føle meg veldig bra på fredag blir det ein 10km tempo test med start og mål i Rosendal, vending i Omvikdalen.

På bristepunktet!

Etter at eg begynte i full jobb den 1juli har det stortsett gått i eit. Tidlig opp og seint i seng! Rimelig hardt når eg er i ein periode med ein god del langtura. Dette har gått bra ei stund, men etter lagtempoen på onsdag var eg fullstendig ferdig kvelden etter og måtte ta treningsfri. Det gjorde godt så eg kom emg bra og fekk trent det eg skulle på både fredag og laurdag. Henholdsvis styrketråkk og 150km langtur i går.
I dag skulle eg vore med ein gjeng på ein ca 180-200km langtur, men måtte desverre melda pass i dag tidlig då eg våkna med snufsen nasa og tett i halsen.
Så da vart med andre ord nok ein ufrivillig fri dag i dag. Men håper det er nok til at det ikkje bryter skikkelig ut og at eg for eingangs skyld kan ha litt flaks og ikkje bli skikkelig sjuk.
Er jo tross alt ikkje så lenge til ritta beynne igjen. Laget reiser til Sverige rett før månads skifte for å køyre nokre criteriums ritt, men dei står eg over. Så haust sesongen begynner for min del 31juli der vi skal kjøre Bure 2dagers det også i Sverige. Etter det går det slag i slag i lengre tid…. :)
Men til helga blir det ein tur til vestlandet for å køyra turrittet Hardingrittet viss eg er frisk. Greit å starta sesongen igjen med slikt ritt som går frå Utne til Ullensvang i ei så og sei flat løype der det pleier å vera masse støting og høg fart :)

Nokre bilder frå lagtempoen


Bilder tatt av Geir Sveum som også kjørte rundt som løype vakt på motorsykkel. Takk for hjelpa ;)

Lagtempo Totenrunden! :)

Vart invitert til å vera med på rekord forsøk på den berømte Totenruden som er ein mykje brukt runde her i gjøviks området.
Runden er på ca 42,5km med noken ganske sugande og lange stigniner som er krevande å halde høg nok fart. Tipper rundt 350høgdemeter på runden. Vi var 5stk, Meg, Jan Olav Beitemyren, Martin Olsen, Vidar Kvernvold og Oddvar (husker ikkje etternavnet).
Det var perfekte vær forhold med ca 20 grader, sol og så og sei vind stille gjennom heile løypa. Så alt låg til rette for å slå den gamle rekorden som blei satt for to år sida av 6 ryttera med tida 57minutter og noken sekund.

Vi kom godt i gang og låg etter mila likt med gamle rekorden. Eg følte meg fryktelig bra og tok meir og meir føringar som bare blei lengre og lenger.
Og då vi kom til Reinsvoll som var løypas høgste punkt var vi heile 1.20 forran gamle tida. Det hadde i ein lenger periode bare vore meg og Martin som jobba no, men då vi kom over toppen blei dei to andre med rundt rulla også(Oddvar datt av). Det gjekk stygg fort nedover til Raufoss og vidare til Hunndalen.
Då vi stoppa klokka viste den 55min 50sek! Ny rekord med god margin! Snittfart på ca 45,5km/h er virkelig bra i den løypa der!!! :) Artigt!

Sjølv så har eg farlig gode bein fortida noke som er utrulig digg, men nokre veker for tidlig! håper eg klarer å utsette formen til vi begynner med ritt igjen i august….;)
Hadde eg hatt beina eg har no hadde det vært rimelig mykje artigare å kjørt NM tempoen, men den er jo desverre unnagjort!
Håper bare form og helse holder seg slik til haustsesongen no så blir da morro folkens!! :D

Liten bomert!

Fri frå ritt denne helga. Godt å sleppa å pakka beggen for ein gang skyld!
Så må eg nytta sjansen til å få litt kvalitets trening i form av litt mengde. Var i går ute på ein 5timers der eg måtte AG og Myrvold som bur på lillehammer. Vi hadde oss ein fin tur i Brummundals området med innlagt kaffe stopp! Fin tur i ca 23 deilige pluss grader! :)

I dag var planen rundt 4timar i ein kupert runde eg la opp ved å sjå på kartet på nettet. Runden var meget fin heilt til eg plutselig fant ut at eg hadde kjørt feil! Da resulterte i 6km cyclecross med raceren på gjørmete grusvei sidan det i dag bøtta ned med regn på omtrent heile turen. Å snu å kjøra tilbake var eit ikkje tema då da ville utgjort ca4mil ekstra. Var i tillegg begynt å bli litt kald så slik passa da i grunn bra at turen blei litt kortare enn planlagt. Ekje alltid lika lett å memorera kartet som ein ser på nettet når ein kjem ut i busjen på plassa ein aldri har vært før ;)

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 383 other followers