Geilo24!
Da var Geilo24 gjennomført og det med glans!
For dei som ikkje veit kva Geilo24 er så er det så enkelt som at det er om og gjera å sykla lengst på 24timar. Dette kan ein gjera enteon som solo syklist eller på 4manns lag.
Eg er ikkje så gal at eg gjekk for å kjøra solo, men vart etter litt tilfeldigheta med på laget til Håvard Bøkko, Cristoffer Rukke og Reidar Borgersen. Tre sterke skøyteløpera. Vi gjekk sjølvsagt for seier!
Eg fekk “æra” av å starta ballet for vårt lag då ingen andre turde
Var ein litt spesiel start metode. Var ein så kalla Le mans start. Det vil sei at syklane stod ca 150m frå oss og vi måtte springe bort til når start skuddet gjekk.
Eg og Team Fuji kom avgårde frå resten av feltet etter få hundre meter. Skjønner igrunn ikkje kor dei andre blei av, men uansett vi trøkka på og eg rykka halvvegs ut på første etappe og fekk med ein gong ei god luke. Då eg veksla med Borgersen var den oppe i heile 1min og 25sek.
Ut over døgnet og natta fortsatte vi bare å auke ledelsen til dei andre laga. Team fuji som var nærmast oss klarte vi til slutt å ta igjen med heile 2rundar. Men ikkje at dei sykla seint, men vi sykla fort!
Vi satte ny løyperekord på 56rundar a 14km der den gamle rekorden som blei satt av team Hardrocx i fjor på 53runda blei knust!
Sjølv så hadde eg gode bein stort sett gjennom heile løpet, men någet tyngre om natta sjølvsagt. Eg satte ny runde rekord på 23.25 der den gamle frå i fjor var på 24.09! Hadde i tillegg ca 7 av dei 10 beste rundetidene gjennom heile løpet! Så må sei meg svært godt fornøgd med egen innsats.
Geilo24 anbefales for alle som vil prøve noke nytt og for dei som ønsker å pusje kroppen og psyken til det ytterste. For det får du virkelig sjansen til her!!
Har vært litt inne på tanken i sommar å begynne meir med terreng sykling eller helst maraton sykling. Tanken om detta vart ikkje mindre etter å ha kjørt dette rittet som definitivt var ei maraton løype å rekne. Det var utrulig morro og gav meir smak. Litt meir utfordringa og action en å sitte på landevegen og sjå i asfalten…
men vi får sjå ka som skjer framover/neste sesong. Er tross alt bare halvvegs i 2010 sesongen enda ![]()











Ja dere var super råe.. Imponert over den farta dere klarte å holde!!
Hilsen en sleten solosyklist!
05/07/2010 ved 21:18
Takk for det!
Vel blåst:)
Imponert over dåke som orka å sykle 24t aleine eg!
05/07/2010 ved 22:10