Skikkelig på glid igjen

Veka på Gran Canaria har tydeligvis gjort ekstremt bra. I ettertid har ting bare gått bedre og bedre. Begynner å bli såpass stor forskjell at eg nesten begynner å lure på om eg har fått ny kropp!
Puls, trøkk og motivasjon er på eit så mykje høgare nivå no enn for 1 måne sidan at det er vanskelig å tru.
Men for all del eg klagar ikkje for å sei det slik. Følelsen av at ting begynner å gå på skinner igjen er bare ekstremt deilig!!

No trener eg fordi eg syns det er gøy, mens tidligare i vinter føltes det meir som tvang og ikkje morro i heile tatt. Kvart tråkk eller stav tak var eit ork.
Det snur jammen fort frå helvete til himmelen. Håper bare eg får vera i himmelen ei stund no………! :)

One Comment:

  1. jostein hatteberg

    Kjekt å sjå at forma er stigande igjen Vidar. Det fortener du verkeleg.
    Trenar du fornuftig framover, lyttar til kroppen sine signal, og tilpassar intensiteten – skal du sjå det blir ein flott sesong.
    Og, så mykje kjekkare det er å trena når lysta og motivasjonen er der. Ljosare tider og bare vegar og stiar, vil nok gjera det endå kjekkare… Lykke til Vidar!

    Mvh.
    Jostein Hatteberg

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3