Vårsprinten 2011

Det å sykle vårsprinten på Feiring har nesten blitt ein tradisjon form min del då eg har kjørt det dei siste 3 åra.
Dette er eit ritt som virkelig river i lungene på litt vinterrustne kroppar.
Rittet er først ein kort, men ekstremt hard fellesstart. 8 rundar på kun 1800meter, men med ein skikkelig bruttal bakke på kvar runde. Når løpet er så kort så blir det bongass frå start og ikkje minst i bakken.
Følte eg hadde gode bein og var blant dei første opp bakken kvar runde så hadde ein viss kontroll på kor eg hadde dei andre.
Trudde eg kunne telje til 8, men på nest siste runde trudde eg vi fortsatt hadde 3rundar igjen. Så Martin Olsen ein eg trenar mykje med her borte mata maks opp bakken. Eg tenkte da var ein runde for tidlig og lot han gå. Då eg vi passert for neste runde ringte dei med bjella! siste runde! Fanen!! Eg fekk da då travelt og ga alt det eg var god for opp bakken. Frå å vore 16sek bak Martin inn i bakken hadde eg henta han inn igjen rett over toppen. Resten av feltet blei også distansert opp bakken. Så då var det meg og han. Han var smart og lot meg dra den siste km og tok meg derfor lett i spurten! Så eg blei nummer 2! men men godt nogd likevel:)

Andre rittet som går noken timar seinare er 20km tempo. Langt frå deilig å sitte å mate det ein er god for i 20km etter å ha sprengt lungene på fellesstarten!
Men så snart eg var i gang på tempoen så var det gløymt. Kom inn i ein fin rytme og hadde grei fart.
I mål fekk eg tida 26min og 46sek som tilsvarer 44,83 i snittfart.
Dette var små 8sekund bak vinnaren og 5sekunder bak 2plass. Altså 3plass.
I sammendraget blei eg då nummer 2 fattige 1sekund bak Ola Haug frå Tønsberg!

Surt å være så nærmt hvertfall når eg veit at eg tapte dette pga utstyret i dag. Har ikke innvistert i platehjul i år, men angrer vel etter rittet i dag. Sidan det var litt sidevind i dag så har platehjul meir å sei enn om det ikkje er vind. Dette fordi vinden kjem inn i eikene og gjer då at det går seinare. Etter testar som er gjort og det eg finn ut på nettet så tapte eg hvertfall 15sekund på tempoen pga at eg hadde 85mm høg felg i staden for platehjul bak.
Då blir da ett lett reknestykke. Eg hadde sannsynligvis då vunne både tempoen og sammenlagt!
Men men tap og vinn med samme sinn seier dei;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3