NC maraton i Å i Heiane

Første NC ritt i maraton gjekk i går av stabelen i Å i Heiane som ligger i Birkeland (nesten Kristiansand).
Ei 89km lang løype med mykje sti og tekniske partier. Arrangøren hadde estimert ritt tid på ca 3t 20min. Men då værgudane ikkje var på vår side og skrudde på krana 1time før start blei løypene gjørmete, glatte og våte!
Ei løype som i utgangskpunktet var over middels hard blei langt frå lettare med regn og 8grader.

Nervøs, spent og usikker på korleis formen var stod eg likevel klar på startstreken med eit lite smil. Endelig skulle terrengssesongen starte:)
Var offangsiv frå start og posisjonerte med langt framme inn i alle små korte sti/grus parti. Feltet var bra samla etter 10km kjøring, men då begynte utskillinga. Ein ganske lang og tøff stigning på grusvei sprengte feltet. Eg prøvde å henge med, men klarte det bare nesten. Teten for avgårde, men eg blei sittande i gruppe to.
Gjennom ein del teknsiek parti fekk eg litt trøbbel og havna litt lenger bak igjen, men fekk kjørt meg opp og blei etterkvart sittande i ei pulje som faktisk kjempa om 6plass.
Satt her til runding ved 61km før vi la ut på ei ny sløyfe på 28km.
Litt ut på denne runden var det dessverre slutt! Gjekk rett og slett på stjerne smellen!! Beina stoppa fullstendig og den siste timen med sykling var direkte ubehagelig! Alt trøkk var rett og slett borte!

Kald som bare juling var det då bare ein tanke i hovudet: komme seg til mål og få ein varm dusj!!
Etter å ha somla meg gjennom siste del av løypa kom eg omsider til mål på ein hederlig 11plass:)
Men den varme dusjen som heile vegen var “gulerota” fekk eg ikkje. Som vanlig så var det bare kaldt vatn igjen!!!Brrrrrr!!

Med 11plass og faktisk ikkje meir en 16min bak vinnaren Lars Ragnar Manengen på ein dag der rit tida til vinnaen blei på heile 3t 52min er eg fornøgd med i. Tross alt omtrent debyen min i terreng sirkuset og med den stjene smellen eg gjekk på så syns eg dette lover ganske bra til kommande ritt utover sesongen:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3