Raumerrittet

I går, laurdag 11juni var det Raumerrittet som stod for tur. Eit av Norges største ritt med rundt 5000 deltakarar trur eg.
Løypa skulle egentlig vera av samme type som birken. Mykje grusveiar og nokre sti parti.
Men som mange har fått med seg så har da bøtta ned med regn på austlandet den siste tida. Og det fekk vi smake litt på!

Skitten!;)

Eg hadde aldri kjørt dette rittet før og hadde derfor høyrd at det var to stiparti som stortsett gjekk ann å sykle heile partia. Då vi dundra inn i første parti var det som å havne i ei stor bøtte med møkk!
Gjørma, gjørma og atter gjørma! Det som ein gang var ein sti var no bare eit hav med blaut, skitten og tung gjørme.
Det var ikkje snakk om å sykle der lenger så vi måtte ta beina fatt!
Samme med stiparti nummer 2 også. Bare møkk!
Då vi endelig kom ut frå parti 2 var beina heilt ferdige etter å ha måtte drive med terreng løping i staden for terreng sykling! Tipper vi sprang i hvertfall 30min totalt!!! håpløst for sykkelbein…

Denne løpinga prega resten av rittet. Lår som skreik for kvart tråkk og leggar med krampe tildenser! Så for å sei enkelt og greit: heile løpet var frå start til slutt bare ein dårlig opplevelse for min del.
Beina var rett og slett dårlige i går:(
Men eg kom meg likevel til mål på ein anstendig 5plass i 20-24årsklassen og 32totalt på heile rittet.
Håper slitet i går er med på å få beina på rett kjør igjen.
For om 2veker må dei virkelig bare virka!
Då skal eg delta på Lillehammer-Oslo sammen med Team Epartner aktiv mot kreft som går for ny løyperekord og seier!
Det blir eit sabla kjør der vi stiller ca 30mann. Rittet er ca 19mil. Rekord som må slås er på 4t og 5min trur eg. Då er det bare å rekne ut snittfart så finn du ut ka galskap det er vi driver med….! ;)
Til helga blir det ein tur til Gol for å kjøra Hallingrittet. Då blir både kjerring og unge med :) Gleder oss:)

Team Fuji Norge 2011

flexing

Her ser dåke litt korleis det såg ut i løypa;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3