Endelig!! Hallingrittet 2011

Har tilbrakt helga på Oset Høyfjellshotell på Golsfjellet sammen med madammen og vår lille prinsesse Victoria som kom til verden 24. mai.

Vi har var her på ein liten weekend ferie og for kjøra Hallingrittet 2011.
Eit ritt som som blir arrangert av Gol IL i naturskjønne omgivelser rundt Storefjell.
Løypa var 43km lang med mykje grusveiar med korte innslag av artige lettkjørte stiar. Noken av stiane var litt blaute pga regn den siste tida, men ikkje verre enn at det stortsett gjekk ann å sykla alle delar av rittet.
På sjølve rittdagen i dag så var vi griseheldige og hadde fine værforhold der vi faktisk såg sola fleire ganger.

Men over til rittet!
Var offansiv ut fra start då eg viste at det var eit sti parti som det antageligvis ville bli problem å forsere om ein kom seint inn der. Så eg la meg først inn i stipartiet og tråkka heilt greit til. Så når vi kom ut derfrå var vi bare 6mann som satt igjen i tet.
Vi sykla bra sammen og bytta på å dra. Då vi hadde sykla ca 30km vi til Storefjell. Der venta det ein heftig bakke som gjekk rett opp sjølve alpinbakken. BRATT! Trur omtrent eg var på første giret…!
Vi seks hadde sykla samla fram hit, men det sprakk opp opp denne bakken. På toppen runda eg som nummer 3 med noken sekunder opp til 1 og 2 mann.
Kjørte hardt nedover og tok igjen teten. Han som satt som nummer 2 fekk noken problem med sykkelen og var ut av dansen. Vi to i tet prøvde å gi deg vi klarte, men vart henta av tidligare lagkamerat Vegard Fredheim som er ein seig kar som er vanskelig å bli kvitt!
Fredheim og Vika som var andre mann eg satt med fekk ei ny luke til meg opp neste kneik. Ikkje lange kneika, men beina var stive så eg klarte ikkje å bite meg fast.
Men heldigvis kom det ei lengre nedkjøring som eg benytta godt! kjøre som galen og tok bra inn på teten igjen og klarte overraskande nok å ta igjen dei to!
Og etter eit kort terrengparti viste eg at det var slak motbakke på grusvei inn til mål dei siste ca 300m.
Girde om gav gass direkte då vi kom på grusen og det føltes som dei to andre stod i ro!
Svosj og eg var plutselig aleine då eg passerte mål streken med henda over hode!
Utrulig digg og endelig kunne vinne eit ritt!!!! :D

Premieutdeling!

Dette gjorde godt for sølvtilliten etter mykje motgang den siste tida. Visste kroppen var bedre enn sist helg, men at den skulle vera såpass mykje bedre var over all forventning! :D
Premien var ein skjekk på 3000kr!

Takker arrangøren for eit bra arrangement og for ei fin løype! anbefaler fleire å køyra her!
Takker og dei andre Vossevangen rytterane som stilte til start for ei kjekk helg:)

2 Comments:

  1. Takker Rune!
    Du gjorde jo ein fin figur i ditt første terreng ritt;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3