Styrkeprøven Lillehammer-Oslo 2011:D

Team Epartner! Meg heilt til høgre


Som tidligare nevnt skulle eg i dag kjøra Lillehammer-Oslo sammen med Team Epartner aktiv mot kreft. Vi gjekk for ny løyperekord og seier. Med fantastiske værforhold med svak medvind omtrent heile veien i tillegg til sol og fint vær låg alt til rette for ein rask dag på sykkelsetet!

Vi var 28mann som stilte til start spente og klare for å gje alt for laget. Og det gjor vi jammen alle mann.
Då startskuddet gjekk gjekk farten i været! For ein fart! Satt jo med syra etter bare 5min…Men heldigvis kom beina seg litt etterkvart. Og blei vel i grunn veldig gode.
Då vi passerte Hamar etter 60km hadde vi hatt ein snittfart på 47km/t. Neste passeringsplass vår då Eidsvoll. Mellom dei to punkta hadde vi ein heilt ekstrem fart! 54km/t i snitt…….!? Heftige saker.
Vi fekk heile veien sekundering mot HTC pride som var største motstandar. Og det varierte frå gong til gong om vi låg +/- 20 sekunder framfor eller bak.
Spenningen var derfor stor då vi til slutt var 11 mann igjen av laget som passerte målstreken sammen.
Noken sa vi var bak, men andre framfor. Etter 10min fikk vi endelig bekreftelsen! 17 fattige sekundar FRAMFOR HTC.
Jubelen stod i taket:D

Ein ekstrem forskjell på gleden over å ha sykla så fort då det var vi som strakk det lengste strået i forhold til å havne 17 sek bak!

Tida vi rulla inn på var på fantastike 3t 53min. Over 12min før den gamle rekorden på dette rittet!
Dette gav ein total snitt fart på ufattelige 48,93km/t over ei strekning på 190km. Sjuk!
Aldri vore med på noke liknande før.

Takker Team Epartner for ein fantastisk tur!!
Laget gav ein skjekk til aktiv mot kreft på 30 000kr etter målgang.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3