Bukkerittet 2011

Bukkerittet 2011. bilde lånt fra picasaweb.no


På laurdag var det Norges Cup ritt nr 4 i maraton cupen.
Rittet gjekk på Skeikampen og heite Bukkerittet. Snaue 70km der 35-40% av løpet var på sti!

Har følt formen har vore ganske grei den siste tida og forventa å sykla noke lunde greit.
Men hadde litt vanskelig for å tru at eg kunne hevde meg heilt opp i det gode selskap pga så mykje av rittet gjekk på sti.

Starten gjekk og det bar rett ut i ei stigning på grusvei. Feltet sprakk opp med ein gang. Eg klarte å bite meg fast i fremste gruppa. Det bar så inn i eit langt sti parti der gruppa delte seg opp i fleire grupper og enkelt ryttarar.
Då vi omsider kom ut på grusvei igjen låg eg i det vi kan kalle gruppe 3. Gruppe 2 som var litt framfor oss kjempa om 4plass. Manengen, Saw og Nordskar hadde komt seg av gårde og som vanlig i ein klasse for seg sjølv…
Var heldig og tok igjen Geir Lien som er ei maskin på grusveiar. Han drog på flatene, mens eg holdt farten i bakkane. Det gjekk då så fort at vi tok igjen gruppe 2!
Lien hadde kjørt rittet før og visste nok om at det snart kom eit nytt stiparti. For han kjørte straks fram i teten på gruppa. Eg følgte på fordi eg veit det er viktig å komma tidlig inn i stipartia særlig her på Bukkerittet fordi stiane var smale og vanskelig å passe ryttarane framfor deg.
Eg tok rett med at det kom eit nytt stiparti, men problemet var at Lien hadde gløymt at det var ein skarp høgre sving for å komma inn på stien som var litt gjømt bak noken buskar. Dette enda då i at vi kjørte rett forbi stien!!
Vi såg med ein gang at vi kjørte feil og stoppa og snudde, men problemet var då at vi havna sist inn i stipartiet i staden for først!
Som frykta sprakk gruppa opp igjen, og eg vart sittande bak i lag med 3-4mann og jakte på gruppa framfor som var på 6-7ryttarar. Klarte desverre aldri å ta dei igjen og vart sittande den siste drøye timen av rittet 30sek – 1min bak gruppa framom.
Den siste drøye mila satt eg heilt aleine då han eg satt med punkterte. Trøtt og sleten rulla eg likevel inn til ein oppløftande 9plass :)

Utrulig fornøgd med å klare topp 10 for første gong i NC maraton:) Særlig sida løypa var av den typen som den var.
Kropp, bein og sykkel fungerte bra!

No blir det “ferie” på vestlandet der eg håpar å få trent greit ved sida av litt snikkar arbeid for mamma;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3