Grenserittet 2011 – ein kort affære!

I dag gjekk grenserittet 2011. Eit av ritta som har vært hovedmålet for denne sesongen.
Løype med mykje grusveier og lite tekniske partier på ca 77km.
Har vært og er enda litt små tett i nasa, men kor mykje det hemmer meg veit eg ikkje. Trolig noke allergi.
Stilte likevel til start i dag med innstilling om å gjera maks ut av den formen som eg har per i dag!
Som vanlig på grenserittet må ein vera GRISE tidlig på startstreken for ikkje å havne som nummer 130 i feltet. Så som mange andre stod eg på startstreken 30min før start kun for å få ein god posisjon ut frå start som er meget viktig i dette rittet.
Etter å ha stått nervøs og trippete for å komma i gong gjekk endelig starten.
Master dei første kilometrane før saueflokken fekk kjøra sin egen fart! Feltet var heilt frå start forferdelig stressa. Alle kava på for å ligga fremst, men det er desverre ikkje plass til alle!
Dette fekk eg desverre smertelig oppleva!
Like etter vi kom inn på første grusvei gjekk det galt!
Eg låg heilt på venstre side av feltet for å avansera framover i feltet då det plutselig stod ei hindring i veien framom meg!
Då ingen ryttera framfor meg signaliserte hindringa kom den så brått at eg knapt nok fekk tid til å reagera. Husker eg prøvde å svinge meg rundt hindringa samstundes som eg så vidt bremsa litt. Men dette første til at framhjulet slapp og sklei under meg og eg deisa i bakken!
Fyss for ein følelse det var! Ligga nederst å kjenna syklar og folk brase inn i meg. Smell, skrik og banning!
Då det endelig blei stille og dei andre fekk syklane sine vekk i frå meg som låg nederst kom eg meg på beina rimelig forfjamsa over det som skjedde.
Sykkelen var overraskande heil med første augna kast, men eg hadde fått rimelig store mengder med skrubbsår på heile høgre sida særlig på leggen. Forslått og skuffa snudde eg og kom emg til legevakta for vasking av plastring!!

No i kveld er skuffelsen over og ser fram til neste ritt som er Drammensrittet kommande helg. Siste NC maraton rittet.
Håper kroppen gror i samen igjen og at det kun er skrubbsår slik som det virker å vera:)

2 Comments:

  1. E eit ordtak som heitter “ei ulykke kjem sjelden åleina” Trur du e råka av det for tida Vidar…

  2. Er vist fare for det! men vi får tru alle gode ting er tre og at det går bra til helga:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3