Åslende (lefse) GP

Såra og kroppen har lega seg bra etter det litt brutale møtet med grusveien i Strømstad sist helg.
Ein del skurver og litt hevelse i leggen har eg fortsatt, men såpass toler ein syklist;)

Så eg stilte til start på Åslende GP som er eit ritt utenom det vanlige i går.
25km tempo på terrengsykkel på asfalt!
Grunnen til at dette kjøres på terreng er at rittet starta for mange år sida då ca 15km av løypa hadde grusvei.
Den gong starta dette rittet heilt uoffisielt med at ein rytter sa kor kjapt han hadde kjørt løypa til ein kamerat som då sjølvsagt måtte prøve å slå tida hans. Dette balla på seg år etter år og bare fleire og fleire deltakarar kvart. Akkurat kor mange år sida det starta veit eg ikkje, men hvertfall 15år.
I år var det noko meir høgtidlig. Rittet var terminfesta og NCF var med som tidtakarar.

Løypa er skikkelig jobbe løype med ei skikkelig kneik etter 3km før det stiger javnt og trutt i ca 12km før det går ned att på slutten.
Eg var heldig og fekk starte 30sek bak trenings kompis Martin Olsen som er på samme nivå med meg. Fint å ha ein rygg framfor seg å jakte på! Prøvde å starte kontrollert, men hardt for å psyke han ned og meg opp.
Klarte å psyke meg opp hvertfall for eg såg at eg tok gradvis innpå innover Åslendet.
Tok han til slutt att rett etter toppen. Men kunne ikkje slakke på tempoet av den grunn. Tross alt 100 andre på startstreken!
Godt pesen kom eg i mål på ein fin fin 2plass:) bra nøgd med gjennomført ritt og ikkje minst at eg klarte å halde eit javnt trøkk heile veien uten å gå på “smellen”.
Deltakar premier var ein pakke med lomper fra lefse bakeren;)
Samt at innlagt bakke “spurt” vinnar halvvegs i rittet fekk 10pakker med lomper!! Dette fordi “spurten” var ved lefse bakeriet;)

Håper beina helde seg lika god eller helst blir bedre på laurdag då Drammensrittet er. Dette er NC maratons siste ritt i år.

Resultat fra Åslende GP: http://timing.quick.no/index.php?page=Resultater&Event=166

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3