Raufosskogen MTB

Lokalt ritt på Raufoss på kjente grusveier og stiar.
Kort, men intensivt ritt på ca 30km. Der dei første ca 25km bare er på grus veier.

Master start som gjekk ekstremt rolig. Men då den slapp gjekk farten rett til værs. Starta då rett i ein sei bakke med ein påfølgande bakke etter ei lita nedkjøring.
Tor Atle Fuglerud støta tidlig i første bakken. Marius Jevnesveen gjekk etter og eg prøvde å henge på, men syns det gjekk for fort og slapp.
Dei to kom då avgårde og kjørte sterkt i front! Satt i ei ganske stor gruppe bak dei, men her var det få som var villige til å vera med å kjøre for å ta dei igjen.
Fuglerud fekk sigepunktering og måtte stoppa for å “lappe”. Jevnesveen blei då aleine i front. Men han kjørte imponerande sterkt og holdt avstanden dei to hadde opparbeida seg svært lenge!
På høgste punkt i løypa tok vi han endelig igjen. Og alle satt då og venta på dei avgjerande stipartia på slutten.

Eg kjørte igjennom løypa i går og viste at det var vitkig å sitta framme her. Det gjorde eg, men då vi kom inn i eit skikkelig gjørmete parti fekk Ronny Frydenlund ein lokal Raufoss og Gjøvik syklist som tydeligvis hadde testa løypa meir enn ein gong før skikkelig luke. Luka oppstod mest pga at vi som kom bak knota fryktelig fælt i gjørma! Og eg vart hindra av at ryttarar framfor meg som stoppa heilt opp.
Han hadde vel fort 10-15sek då vi kom ut derfrå! Men då tok Martin Olsen og eg opp jakta!
Kom meg forbi Olsen og tok sakte, men sikkert innpå Frydenlund då vi sykla i langrennsløypa som kupert og hard!
Og inn på oppløpet hadde eg nesten kontakt. Men han hadde noken meter og eg trudde det var umulig å ta han igjen.
Men har lært at ein er ikkje i mål før ein kryssen målstreken. Spurta det eg klare og på mirakuløst vis klarte eg å henta Ronny og passerte han omtrent på målstreken. Ca 10cm skilte oss i min favør:D

Spurten


Ein knepen seier på ein dag der beina var som forventa, litt tunge pga mykje trening siste tida.
Så med ei rolig veke no fram mot birken så trur eg på gode bein på årets viktigste ritt!:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3