Gran Canaria 2011 dag 1 og 2

Endelig på Gran Canaria igjen!:)

Skal vera her ei veke og rekner med å ha 6dagar på sykkelsetet.
Har no hatt dei to fyrste turane.

Var noke spent før fyste økta da eg har vore forkjølt veka før eg reiste ned her og ikkje trent på ei veke.
Som forventa så var fyste dagen tung og med puls som ei kanin, men det var ikkje så veldig overraskande:P
Da blei ei økt på 4t og 15min med høgste punkt på turen på 930moh.
Fin tur sammen med Vossevangen ck rytter Nikolai Hanevik som også er på ferie her nede.

Dag 2 var helsa faktisk blitt ein del bedre, men beina er tunge som betong. Men kva betyr vel det når det er så digge vær og føreforhold:)
Turen i dag gjekk heilt til toppen av øya! 1960moh!
Greit langt og bratt opp der gitt. Ein del stigningar har bakkat på godt over 15% stigning.
Det merkast på låra når eg har gir utveklsing som er litt for tung for denne øya som stortsett bare består av bakka. Så store delar av opp over turen blei iform av naturlig styrketråkk:P
Turen hadde både opp og nedtura. Vi hadde nemlig planlagt kaffi stopp i Ayacata som er ca 1times tid før toppen. Men cafen var jo pokker meg stengt! NEDTUR!
Oppturen var på toppen. Der stod det ei einstøing med bil proppa full av alt frå alovera, nøtter og sjokolade ++. Og han hadde kaffi! Men det ville han ikkje selge til oss. Var ikkje bra for syklister så vi fekk varm kakako i staden! Snadder!!:) OPPTUR!
Tok ein annan vei ned enn opp slik at det blei ein del mil på flater/kuppert terreng når vi kom ned igjen.
Men kan vel trygt sei at det blei i drøyaste laget mange mil for var rimelig tom på slutten av turen idag….! 6,5time og nesten 16mil som innholdt maaaaaaaange høgdemeter. Tar på for ein gammal feit julegris:P

Ny tur i morgo:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3