GC dag 4 og 5

Ny oppdate frå dei to siste turane på sykkelsetet på Gran Canaria:)

Gårsdagen blei ein fin fin tur på drøye 5timar.
Planen var å kjøre ein del oppi fjella. For dei som er kjente her så gjekk turen til Mogan og opp ein genialt fin stigning innerst i Mogan dalen.
Då skulle vi vidare til Ayacata for å kjøre ned igjen til San Bartalome.
Men då vi kom til toppen av denne stigninga frå Mogan var ikkje vær gudane heilt i humør.
Mykje vind og litt duskregn på toppen gjorde at vi venda naso mot kysten igjen og sykla ned Soria dalen.
For å få litt lengda på turen blei det då ein tur rundt ein dal som er i Maspalomas området. Navnet er eg ikkje sikker på, men på toppen av dalen ligger det noken grådig fine og store hus/palass så eg og Nikolai døypte detta til villa town!

Dagens tur måtte vi også legge om på ruta. Vi hadde tenkt å sykle opp til Telde området for å sykle litt på kryss og tvers der. Mykje små kuperte veier der som er fine etter ein “transport” etappe opp der på ca 5mil.
Telde ligger omtrent så langt Nord som flyplassen. Her er det som regel alltid dårligare vær enn på sørvest sida det kor turristane pleier å halda seg. I dag var heller ikkje noke unntak frå det.
Det blei regn på oss og det såg rimelig grått ut lenger framme.
Så det var ikkje veldig vanskelig å bestemme seg for å snu!
Reiser ikkje til Gran Canaria for å sykla i regn!:P
Samme vei heim att og ein svipp tur innom villa town. Då hadde låra mine fått nok så det var grett å gje seg for dagen.

Kjenner låra gleder seg til at det er siste dag på sykkelen i morgo før avreise på laurdag.
Litt stinne etter å ha gått frå 1times trening forrige veke til 23,5t til no på 5dagar…:P

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3