Maraton spinning + diverse

Gått ei veke sida eg kom heim frå Gran Canaria no. Tok det naturligvis rolig denne veka ettersom beina var greit slitne. Ble ein voldsom overgang frå ei veke sjukdom til 26,5t trening på 6daga.
Men etter nokre roligare daga kjennes da ut som beina har hatt gått av turen:)

For å seia litt om trening da denne veka så vart da nokre timar rolig på mandagen. Fri på tirsdagen då eg reiste til Halmstad i Sverige i jobb sammenheng, bare 600km å kjøre kvar vei…
Onsdagen testa eg ut SATS treningsenter i Halmstad med jogging på tredemølle med skiskyting på storskjerm som underholdning + styrketrening på beina etterpå. Avslutta med svetting i sauna:)
Torsdagen var kjøring heim att, men tok 45min på rulla kl 10 om kvelden for beina var ganske råtne etter kjøreturen!
Fredag blei det 2timer på rulla med 35min terskel.

Så blei det maraton spinning på 360grader (nytt treningsenter på Gjøvik). Visste ikkje at eg skulle på dette då eg kjørte terskel i går…men men!
Spinning åpna med 1time rolig der ein frå Olympiatoppen hadde foredrag om trening! Meget interessant foredrag som fekk meg til å tenke ei del då det gjelder treninga….
Etterpå blei det hardkjør!
2 forskjellige instruktøra skulle vise korleis timane deiras er.
Først med Hans Ivar Fæstad som er syklist. Då kjørte vi 4-9-11-9 min terskel og litt over!
Så tok instruktør 2 over. Ei hyper dame som hadde meir vanlig spinning form på opplegget. 2-2-4-6-4-2-2-5min hardt.
Der tok eg dei 4første rolig ettersom beina var slitne etter opplegg ein, men kjørte skikkelig hardt på dei siste 4 draga.
Totalt sett blei dette ei skikkelig hardøkt som nesten føltes som eit ritt!
Noke alle deltakarane var eninge om trur eg!
At vi hadde tatt i var ikkje vanskelig å sjå for det låg STORE mengder svette på govlet hvertfall…..:)

Blir ei noke travel tid no nokre veker då vi endelig skal overta huset vi hr kjøpt oss i Hunndalen.
Begynner flyttinga 16desember, men håper å få tid til å trene nokelunne normalt likevel;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3