2XU kompresjonstøy


Toyota Fuji Team er drevet av sponsorer, deriblant 2XU som stiller med kompresjonstøy til lagets ryttera.
2XU sponsa oss også i fjorårets sesong så eg har fått prøvd ut produkta deira ein god del.

Sjølve tanken bak kompresjonstøy er å øka blodgjennomstrømningen i kroppen på samme måte som kompresjonsokker som mange bruker under flyreiser eller lignende.
2XU har tatt prinsippet med slike sokker noken steg vidare og laga produkter som skal hjelpe både før, under og etter trening/konkurranse. Det har blitt gjort testa som viser at produkta har positiv effekt på prestasjon som gir bedre ytelser. Testane er utført av Australian Institute of Sport ( AIS ). Dette er Australias fremste sports institutt. Det er internasjonalt anerkjent, blant anna brukt som referanse for Olympiatoppen i Norge.
Produkta skal også hjelpa mot muskelslitasje pga mindre muskelvibrasjona, forebygger dermed skader, forbedre blodsirkulasjonen.

Dette er då i korte trekk det produkta er produsert for å brukast/hjelpe til. Mine erfaring så langt er med produkta er så langt:

Restitusjonens tights

Etter trening eller konkurranser så har eg brukt Elite Compression Tights. Ei veldig tettsittande bukse som skal gjera restitusjonstida kortare. Buksa er nesten utfordrande å få på seg pga at den er så trang, men likevel ekstremt elastisk.
Dette produktet har eg nesten blitt avhengig av. Bruker det etter omtrent alle økter og føler at dette gjer meg positiv effekt.
Eg er ein som lett får vannansamling i beina. Bruker derfor denne under reising eller ved kviledaga for å unngå vannbein. Der har den STOR effekt på meg! Anbefales.
Dei har og sokker og bare løse legga. Effekten er den samme, men for slike som meg som har over middels store legga blir dei rett og slett så trange at sirkulasjonen stopper…:P

Trøyer
Dei har tre forskjellige trøyer. Lange, korte eller uten arma. Om dette har noken form for prestasjonsfremmende effekt for ein syklist er eg ikkje sikker på. Men plagga er ekstremt digge å ha på seg. Trange og merkelige dei første minutta, men etterpå merkast dei ikkje.
Det eg derimot trur dei kan ha positiv effekt for er at dei sitt så tett at musklaturen ikkje blir så fille rista. Dette er då særlig aktuelt på MTB sykkel.

Sykkelbukse
2XU produserer ein rekke sykkelbukser. Både, kort, kne lange og heile bein.
Eg har derimot bare testa Thermal Compression Tight som då er ei bukse med lange bein som brukes på kalde dager. Den er utstyrt med seler slik at buksa sitter der den skal. Padden er god med skjulte sømmer.
Den har samme funksjon som trøyene med kompresjon, og skal øke blodgjennomstrøminga slik som dei andre produkta. Eg kjenner vel ikkje noke merkbart til effekten av det, men dei gjer det hvertfall ikkje verre!
Så på kalde daga, helst ikkje noke særlig under null går det fint ann å bruke kunn denne. Med sin gode elastisitet så er dette ei lang bukse som merkes mykje mindre enn andre som ofte blir for stive og klumpete. Alt i alt ei meget bra lang bukse vår og øst!

Kvaliteten
Kvaliteten og slitestyrken på plagga overraskande gode! Dei er jo så trange at da til tider er vanskelig å få på seg. Men sjølv om eg må slite og dra i dei kvar gong dei skal av og på så holder dei passforma si og eg har enda ikkje opplevd at dei rykk i sømmane. Det er imponerande med tanke på julingen plagga får ved på kledning.
Så 2XU anbefales på det varmeste av meg da det gjelder kvalitet og særlig til restitusjon, men også til førebygging av slitasjer! :)

Dei har også ei rekke andre produkt som eg ikkje har prøvd. Sjå www.2xu.com

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3