Påskeløp på Slettestrand

Siste dag på Slettestrand i dag. Nydelig vær, men småkjølig på morgenen.
På programmet stod Påskeløpet som arrangeres på stiane i nærområdet her. Samme inngang og målgang som onsdagens ritt, men lengre runde.
4runder på ca 25minutter skulle kjørast. Totalt 90 påmeldt fordelt på diverse klasser.

Beina kjentes ikkje heilt konge ut før start, men heilt ok!
Kom greit ut frå start og “fant farten” eg klarte å halde. Det blei fort litt “vatn” mellom båtane så blei sittande aleine dei siste tre rundane.
Siste runden fekk eg sekundering om at lagkamerat Rafal som låg på plassen framfor meg hadde begynt å få syra. Så fornøyd med at eg klarte å halde trøkket gjennom siste runde og ta han igjen. Dette viste at eg holder ritta greit, men mangler noke på toppfarten og snerten i beina. Får tru dette kjem seg utover sesongen som nærmer seg med stormskritt. Første NC start 5mai.

Toyota Fuji Team gjorde som på onsdag nesten reint bord. 1plass til Maciej og 2plass til Lars.
Den bitre 4plassen på meg i dag også…5plass til Rafal.
Resultatliste sjå her:http://go.trumin.com/online/result.ctrl?cmd=result&event=935810731

Kjenner beina, kroppen og lengselen gleder seg til å komma heim til familie og det daglige livet igjen.
Blir ei rolig veke, før det skal bygges litt form fram mot første NC ritt:)

Samltinga totalsett har vore bra med mykje stikjøring, som mine tekniske ferdigheter har hatt VELDIG godt av!
Greit med timer i boka, 3 ritt og teknisk trening:)
Anbefaler alle som vil leike seg litt på sykkelen å reise hit:)

Kjem forhåpentligvis litt bilder og film frå dagens ritt på Toyota Fuji Team si facebook side. Kjem til å legge link til den også her;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3