Vårsprinten på Feiring

Har i dag vært å kjørt det som har blitt ein tradisjon for meg kvar vår, nemlig Vårsprinten på Feiring.
Et sammenlagt ritt som består av ein kort fellesstart og ein tempoetappe.

Først var det fellesstart. Ei løype på ca 1800 meter som skulle kjørast 7 ganger. Runden innholde ein “knekkar” på ca 250 meter med ein snitt stigningsprosent på ca 7-8%. Har i det siste følt meg rimelig stinn og rar i beina pga litt mykje styrketrening så var veldig spent på responsen i beina!

Dei tidligare åra eg har kjørt rittet her har det vore bonn gass opp bakken og luring resten av runden. Rekna med det kom til å bli slik i år også. Men der tok eg feil.
Syntes det gjekk forholdsvis lett dei og rolig dei første rundane. Men heldigvis blei det action på 3 runden då trenings kompis Martin Olsen som i år kjører for Lillehammer CK støta. Eg veit kor sterk han er så det var ein selvfølge å gå etter.
Vi fekk fort ei luke på ca 10-15 sek. Men då begynte det taktiske spelet som er ein del av landeveissykkling!
Martin skulle ikkje kjøra tempoetappen, mens fleire av lagkompisane hans skulle det. Derfor var han opptatt av at luka fra oss og ned ikkje skulle bli for stor. For det ville jo gje meg sekunder til gode i sammendraget.
Derfor satte Martin seg på hjulet mitt og gav grei beskjed om at eg måtte gjera jobben sjølv. Så då var det bare å gje gass og mata på.
Og det gjekk som i fjor på samme rittet. Martin tok meg naturlig nok i spurten i år også slik at eg vart nr 2 på etappen.
Men eg kjørte sterkt og fekk opparbeida ein ledelse i sammendraget på 28sekunder. Perfekt utganspunkt før tempoen.

Tempoetappen var på 20km. Forutsetningane for å kunne ta sammenlagt seieren var bra. Men eg har ikkje temposykkel i år så eg fekk lånt meg ein sykkel i går kveld. Hadde før start i dag kun kjørt oppvarming i 30min på sykkelen. Så var rimelig spent på korleis det kom til å funka! (er litt spesiell sitte stilling på tempo som som regel trengs litt justeringa)
Underveis følte eg at det gjekk fryktelig smått! Særlig til venning. Men etter å ha gampa på kom eg tilslutt i mål. Egentlig ikkje så veldig sliten, for eg klarte liksom ikkje å ta meg heilt ut…
Sjølv om det føltes ut som det gjekk smått så haldt til 2plass på tempoen, kun 15sek bak første mann Ola Skadtevdt fra Lillehammer CK.

Det hold til sammenlagt seier med 13 sekunderrs margin:)
Veldig fornøyd med resultata og at kroppen fungerer så bra i ein periode eg føler meg heilt rar ut i beina. Tyder på at grunnformen er bra, og at dette kan bli bra med enda meir spissing av form:)

Resultat: http://feiringil.s700.sureserver.com/content/v%C3%A5rsprinten-2012-resultater

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3