Hårfagerrittet

Valgte i helga å kjøre Hårfagerrittet i Haugesund i stede for Vestmarkrittet i Asker. Kjekt å prøva noke nytt samtidig som eg fekk meg ein tur heim til heimbygda! :)

Løypa var på 54km med grus og asfalt som underlag i kupert landskap på Haugalandet.
Trudde før start at løypa skulle vera flatare, til tross for at hødeprofilen såg ut som ein kam. Dei profilane pleier ofte å vera litt missvisande. Men løypa gjekk stortsett opp og ned, med ein god del knekkara som suger krefter! Skikkelig jobbe løype, men det er slik det skal vera det!:)

Startfeltet var ikke det største i eliten, men dåg så var mange av dei som stilite sterke navn! Deriblant 4stk frå landeveislaget Øster hus Ridley med Svein Erik Bystrøm fjorårets sammenlagt vinnar i norgescupen som favoritt!
I nydelig sol, men mykje motvind tok dei insjativ frå start og satte stor fart. Opp første stigning på grus blei det kjørt hardt og feltet strekte seg. Bystrøm fekk her ei pungtering som førte til at eg kom avgårde med 3andre.

Vi kjørte bra i lag, eller hvertfall 3 av oss. Sistemann Håvard Blikkra frå Østerhus satt på hjul og kjørte landeveistaktikk som var å venta på Bystrøm.
Halvegs i rittet var det ein innlagt sprint på toppen av ein bakke. Denne klarte eg forholdsvis lett å ta forran Blikkra! :)

Ned fra sprinten var det ei lita nedkjøring på det eineste partiet i løypa som hadde litt terreng. Her var eg desverre uheldig å fekk ei sigepungtering!!! Ei skikkelig sigepungtering! For eg sykle ganske langt etterpå før eg vart nødd til å stoppe!
Planen var då å skyte i ei gasspatron fort som f… og gi gjernet for å ta igjen dei tre andre! Denne planen kunne gått veldig bra!

MEN! Av ein uforståelig grunn så var pakningen i pumpa som holder gasspatrone borte!?!?!! Og all lufta gjekk bokstavelig talt i lufta i staden for i dekket! Då eg teoretisk sett skulle hatt luft i dekket igjen passerte Bystrøm og ein til frå Østerhus meg i storfart og var i godt driv opp i mot tet pulja. Hadde eg då hatt luft kunne eg fått ein “billig” tur opp igjen til teten.
I stede dassa eg rundt med omtrent flatt dekk! Heldigvis hadde ein publikumer ikke så langt derfra luft til meg.

Eg kom meg på hjula igjen og gav gass i håp om at det mot alle odds skulle stoppe opp i teten.
Det gjorde sjølvsagt ikkje det sp eg kom meg i mål som nr 5.
Skikkelig surt å ikke få sjans til å vera med å kjempa om seieren ettersom eg låg så bra ann!!
Men men slik terrengsykling……..!

Tap og vinn med samme sinn heiter det seg vel…;)

Forrøvrig så var det favoritt Bystrøm som til slutt vant forran Blikkra og Jone Ellingsen.
Siste nevnte vart i fjor Verdensmester på tempo i veteran. Så var gode folk eg satt og slost mot til problema starta….! :)

Arrangøren skal ha ros for eit kjempe bra arrangemang med liv og røre langs heile løypa. God sikkehet og generelt meget profft arrangemang:)

Resultat finn du her: http://results.ultimate.dk/smartres/?eventid=986#box_results_header_anchor

Haugesundsavis har også følgt rittet: http://www.h-avis.no/sport/sok-pa-startnummer-eller-navn-i-boksen-over-1.7373557

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3