NM landevei 2012 – Problem, igjen…

Fri helg frå sti, gjørme, og skau. Derfor ville eg vera med på landeveis NM i Bergen i staden for. Tenkte det kunne vera kjekt å vera med på landevei igjen etter gammalt.

Været i Bergen var som ellers i Norge om sommaren, regn og våtveibane. Men med ok temperatur så ikkje noke problem slik sett.

Var temmelig spent før start da det er stor forskjell på å sykle i skogen enn det er i et stort felt på asfalten. Både med korleis tråkket på sykkelen er og farten. Men regna med det kom til å komme seg kjapt. Har jo hatt noken mil på hjula før om åra.

Starten gjekk og som forventa gjekk det kjapt! Hadde ikkje noke problem med farten og satt i første tredjedel av feltet inn i første bakken opp Flakktveit.
Men her skjedde da mest utruliga…………………………..!

Var noke knuffing og styr litt bak meg i feltet. Dette resulterte tydeligvis i at han som satt nærmast meg klarte å velte/kjøra inn i bakhjulet mitt. Eg datt nesten i bakken, men klarte å halde meg på hjula og tenkte: pju det gjekk akkurat!
Men NEI da! Da gjekk plutselig ikkje å trø lenger! Dekket var blitt rivd av felgen!

Måtte stå og vente på service bilen for nytt hjul. Tenkte der og då at det ikkje var noke krise då eg kunne bli pest opp igjen av service bilen. Dette gjekk som det skulle ei stund. Heilt til vi begynte å ta igjen mange ryttera som allerede hadde falt av feltet.
Service bila og ryttera var spredd over mange km bak hovedfeltet. Dermed fekk eg ikkje pes opp til feltet og ble sittande bak å jaga i et desperat forsøk på å komma meg opp igjen..

Dette gjekk sjølvsagt ikkje!! :(

NM var altså i prinnsippet over etter kun ca 5km!

No er eg egentlig litt drit lei etter mykje problem i da sista! Men hellet må vel snu snart, så får prøva igjen til helga og håpe på bedre lykke på Norefjell.

Boasson vant etter at Lillehamme CK og Norhaug gjorde ein god innsats og styrte rittet som dei ville!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3