Oppsummering

Var på Voss i helga og fekk avslutta sesongen med seier på klubbmesterskapet til Vossevangen CK min gamle klubb. Er støttemedlem der så fekk lov å vera med ;) Etterpå var den berømte sykkelfesten og hela var i taket heile natta! :D

Sesongen 2009

Etter ein vinter med mykje sjukdom starta sesongen tungt og ingenting stemte dei 3 første cuphelgene. Da vi kom mot sommaren begynte ting å fungera og det begynte å bli gøy å sykla igjen! Formen kom skikkelig på feil tidspunkt i år. Midt i sommarferien då da ikkje var eit einaste NC ritt! men men! Men den holdt seg ganske bra i lang tid utover hausten så eg fekk bidrat med ein god del bra jobb for laget. Sjølv så fekk eg mine besteplasseringar heilt på tampen av sesongen då vi var i oslo på nc der. Litt i mot mine forventningar då eg følte formen virkelig var på hell!
Her fekk eg då ein 10plass på gaterittet og 15 på fellesstarten. Dei to beste plasseringane min i år faktsik.
Så når eg oppsummerer resultata i år er den dårligare enn i fjor, men dette skyldes mykje at eg ikkje har fått kjørt så mykje for egne sjansar. Stortsett vært hjelperytter for laget. Ein hard og viktig jobb. Og eg kjenner det at kjørestyrken har vorte betre så grovarbeidet gjer meg bedre! ;)
Har jo sykla nokre turritt og. Kan vel nevna Bergen-Voss som eg var ein av vinnarane for tredje år på rad. Seier på Hardingrittet andre år på rad. Andre plass på Stord rundt. Ein av vinnarane på Odda- Bø. Bra tid på Birken til å vera litt forkjølt.

No er eg alt i gang med planleggingar for neste sesong. Treningsopplegg er på plass fram til jul og det begynner eg på i slutten av oktober. Gleder meg! :)

Men nett no er da bare gått å ha ein rolig periode med fokus på andre ting. Ein svømme tur i kveld faktisk:)

4 Comments:

  1. moro på sykkelfesten ja. har du vondt i rompe musklane etter all rompe vrikkinga? ha ha

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3