Skarverittet 2012

Skarverittet var i år siste ritt i Norges cupen i maraton samt mitt siste ritt for sesongen.

Etter mykje sjukdoms problem i heile august og meir eller mindre ikkje skikkelig trening på over 1måned var forventningane fryktelig små. Einaste målet for rittet var å behalda 5plassen sammenlagt i NC cupen.

Pulsklokko kasta eg etter oppvarminga for den viste over 80% uten at eg tok i…Så den var bare nedsykande å sjå på! hehe

Blid gjeng før start i Hol

Starten gjekk og det at kroppen ikkje har føltes bra ut på lang tid forsvinner liksom då og konkurranse innstingtet slår inn!
Det gjekk forholdsvis rolig ut frå start opp ein “knekkar”. Rundt vatnet i Hol gjekk det radigt, men på flat grusvein satt feltet her greit samla.
Fyst då vi begynte på stigninga mot Geilo etter ca 13km blei det sprekker i feltet. Manengen økte farten og feltet var sprengt. Eg vart sittande i pulje 2 like bak teten. Vi jobba bra sammen opp mot Geilo. Då vi tok fatt på første turen opp mot Kikut var beina mine begynte å bli temmelig gåne. Måtte sleppa Team kamerat Bersveen og ein til med nokre meter mot toppen. Og vart sittande litt på halvdistande til dei to. Men etter eit lite teknisk parti og nedover bakke på asfalt kom eg meg opp igjen til dei to.

Då venta stigning nr 2 av tre lange… Og denne virka uendelig lang! Bersveen begynte å siga i frå og han andre punga!
Når toppen endelig kom så bar det jaggu f…. inn på eit langt og tungt terrengparti! Myr/mose og steinete stiar.
Stien bikka til slutt nedover og mot Geilo igjen. Tok igjen Bersveen og Greg Saw til tross for at da føltes ut som eg stod i ro..Fleire som hadde fått syro..?
Ut på grus ned mot Geilohallen, endelig litt kvile! Men då hadde eg jammen punga på framhjulet! “#%”#%!
Som alltid så går da IKKJE fort å skifta slange under ritt når ein er stressa som fyyyy! rytter for rytter passerte forbi… På hjula igjen hadde eg falt fra 5-6plass til 11-12! Med ett par ryttera ikkje langt framforbi var det bare å mata eller vertfall prøva!
Då var det igjen stigninga opp mot Kikut som venta! Litt cola og redbull gav ein liten bust i bunn av bakken. Klarte og hente et par folk på tur oppover, men trur du ikkje da var lite luft igjen i dekket! Samme som eg hadde skifta slange på tidligare idag.
Til all hell og lykke hadde Hardrock service stasjon nesten på toppen av Kikut. Der fekk eg låne pumpe og trykka i 5-6bar i håp om at det skulle halde dei siste 15km til mål.

Fullstendig ferdig i beina og nesten tomt dekk kom eg meg til slutt i mål som nr 9! Godt stykke bak Manengen som vant i vanlig stil!
Ikkje det største starfeltet, men var høgt nivå på dei som var med. Laget presterte bra med 4plass på Granberg, 6 på Bersveen og 9 på meg. Pål kjørte desverre feil..

Med 9plassen berga eg 5plass sammenlagt i NC cupen:)  Granberg nr 4 slått på “målforskjell” av Nesteby då dei hadde like mange poeng.

No venter ein periode med senka skuldre og lystbetont trening i form av det som faller meg inn..:)

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3