Oppsummering sesongen 2012

Sesongen 2012 er over for nokre veker sida og det er på tide å oppsummera året som har gått!

Starte med vinteren 2012 som gjekk sjeldent smertefritt med tanke på sjukdom. Kun eit par korte forkjølelsa var ingenting i forhold til tidligare vintera med opptil  fleiere månadar på sofaen.
Det fortsatte slik utover våren, og eg kom meg for første gong gjennom Mai måned PÅ sykkelen. Mai måned har som regel vore kun prega av sjukdom tidligare.

Dei to tinga her trur eg var med på å gje resten av sesongen eit løft! Noke eg føler resulata også viste!

For sesongen var hovedmåla som på lik linje med resten av Toyota Fuji Team å hevde seg i Norgescupen maraton, Raumerrittet, NM, Grenserittet og Birken++.
Der mine egen mål innen for dette var å bedre fjorårets 10 plass i NC maraton cupen, topp 10 på dei store ritta pluss vinne mindre ritt!

Og for min del klarte eg mange av måla mine med god margin!
Resultata som er verdt å ta med er: :)

- 5 plass sammenlagt i NC maraton cupen
- 6 plass NC maraton Norefjell
- 6 plass NC maraton Molde
- 7 plass NM maraton i Å i Heiane
- 7 plass i Raumerrittet
- 1 plass Valdresrittet
- 9 plass NC maraton Skarverittet
- 11 plass NC maraton Helgøya
- 11 plass NC maraton Montebellorittet
- 1 plass Vårsprinten på Feiring landevei (sammenlagt fellesstart + tempo)

Men sjølvsagt kom det også nokre nedturar………………..

Alle desse resultata pluss ein del andre ok ritt blei sykla med unntak av Skarverittet før augsut måned. Der siste ritt i Juli var NM. Formen var god og immunforsvaret tydeligvis dårlig! For då var desverre morroa over…
For då august med dei tre ritta eg hadde gleda meg mest til i heile år skulle vera (Cyclevasan, Grenserittet og Birken) vart eg sjølvsagt sjuk! Var i utgangspunktet bare ein forkjølelse, men som aldri tok slutt!
Dette ødela mykje for heilhetsinntrykket av sesongen min når eg no oppsummerer! Sjukdomen resulterte då i følgande:

Cycelvasan – DNS
Grenserittet – DNS
Raufoss MTB – DNS
Birkebeinerrittet – DNS
Skarverittet – Laber form
DNS = Do not start

 

Men det er viktigst å fokusera på det som gjekk bra og det var jo som skreve lenger opp mykje som gjorde det! :)
Og når ein ikkje tenker på sjølve resultatet i ritta, men ser på korleis sjølve ritta har vært så var det ein stor forskjell i år frå i fjor. Hang i mange ritt med teten veeeeldig mykje lenger enn før og avstand både i tid og plasseringa er nærmare både den beste og nestbeste.
Desse synlige forbedringane gjev sjølvsagt meirsmak på å bli enda bedre!
Særlig når eg veit kva som står i treningsdagboka som langt i frå er stappfull….Her er rom for laaaangt meir tima og struktur som igjen burde generera nivå hevning.

Lysten på å ta enda eit skritt neste år og kanskje endelig klare eit mål eg satte meg då eg begynte å sykle er stor!
Målet har i mange år med andre ord vært pall plass i NC ritt/eit av dei store maraton ritta!

Planane for å klare dette neste år er allerede så vidt i gang. Mange tankar og idear om korleis eg skal leggja opp treninga er i gang, men noko revulusjonerande forskjell frå tidligare blir da ikkje. Men nokre punkt blir nok enda litt på…:)

Takk til Toyota Fuji Team 2012 for støtte og hjelp! :D

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3