Nordmarka rundt

Ein stykk herlig dag på sykkelsetet blei unna gjort sammen med Atea pro aktiv gjengen i dag!

Ekstremt fint vær med 25grader, lite vind og lett overskya! Kan vel ikkje bli bedre…???:)

Nordmarka rundt var ritt nr 2 for laget for å bli mest mulig samkjørte fram mot Trondheim-Oslo.
Vi starta som lag nr 7 som vel må seiast å vera ein litt merkelig plassering for eit av favoritt laga. Taktisk frå Rye som arrangør og vår antatt sterkaste motstandar???;) Tja!?

Jaja samme for oss vi kjører jo som om vi skulle hatt jævelen i helane uansett! Gjekk som eit skudd fra første tråkk og slik gjekk det egentlig heile veien.
Stor fart på flater, nedover og jamnt hardt i bakkane. Nordmarka rundt hadde vel nærmare 1800 høgdemeter fordelt på dei 150km som rittet var. Så med andre ord langt frå flatt! Lengste stigninga var vel opp frå Jevnaker og opp høgda som er før Roa. Satt i grunn bare å kosa meg opp her då vi passerte fleire lag som starta framfor oss. Såg også Torshov laget som starta 5min framfor oss.
Vi tok dei inn og passerte dei ved Harestu vatnet. Dei la seg på hjul og blei då liggande bak oss dei siste 5mila til mål…Strengt tatt så er vel ikkje dette lov..!Litt irriterande å ha dei der! Men men samma for oss vi slo jo dei uansett. Men litt moro då vi antageligvis drog dei med oss slik at dei slo Rye ekspressen! Så den “taktiske” tingen med startrekkefølga førte bare til at Rye sjølv datt ned til 3plass…Hoho;)

Opplevelsen min på setet i dag var veldig bra! Følte meg bra heile veien og kan ikkje sei eg hadde noken kritisk periode. Litt kjei i låra mot slutten, men det må vel vera lov etter 150km med 42,3 i snitt i ei slik løype!! Denne farten gav oss både seier og ny løyperekord med godmargin! Moro!!!:)
Takk til ein bli, sprek og sterk gjeng! Og ikkje minst servie teamet for både langing og anna!:)

No blir fokuset denne veka med å spise formen fram mot første NC maraton ritt. Montebello rittet!
Har ekstremt lyst til å prestera, og dersom kroppen og utstyret fungerer ser eg ingen grunn til at det ikkje burde bli ei bra plassering;) glede meg!

 

2 Comments:

  1. Egen nettside? How cool is that..;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3