Moldechallange – NC3 – DNF – Lagarbeid!

Norges cup maraton ritt nr 3 for året gjekk i går i Molde under Moldechallenge. Normalt vestlandsvær med regn, vind og sure 10-12 grader! Så her var det bare å kle på seg og godt med varmekrem på beina!

Etter ca 6km med master så var det rett inn i Bakkane opp mot Skaret. Og det blei som i fjor og som frykta i år også at farten på første runden var over mi komfort sona!
Folk lokker augene og klemmer til og gløyme vel heilt at da gjenstår 70km til..men men:P Prøvde etter beste evne å henga med, men ei stor gruppe seig akkurat i frå mot toppen. Blei sittande i lag med ein til rundt vatnet oppe på Skaret. Klarte å kjøre teten inn igjen rett før vi skulle ut på runde 2, altså opp samme Bakkane igjen. Brukt litt krefter, men no var kroppen endelig våkna og farten til dei andre et lite gir lavare.
Hang no bedre med oppover. Ei tett gruppe på 5mann seig avgårde, mens eg satt med 4andre i gruppe to ca 30sek bak. Lars Granberg med den gule ledertrøya satt oppskriftsmessig med i teten der vi veit at han høyre heima.

Når ein lag kamerat har ledertrøya i Norgescupen så legger dette opp til at vi andre på laget må hjelpe han så godt vi kan med å bevare den. Utrulig viktig for teamet at han klarer å dra i land seier eller ein  veldig god plassering sammenlagt i cupen.
Å når Lars dessverre fekk ei pungtering på framhjulet var det ikkje noke anna for meg å gjer enn å stoppe å gje han hjulet mitt!
Prøvde å fyke i ei patron i det pungterte dekket til Lars i håp om at guffa skulle klare å tette hullet, men det gjor det ikkje. Så då blei det 15min med jogging før eg braut i nærmeste service sone.

Lars kjørte sterkt etterpå, men klarte aldri å ta igjen teten. Han kom likevel inn til ein viktig 5plass. Mista sammenlagt trøya med nokre få poeng, men er dermed fremdeles godt med i kampen om seieren!:)

Eg ofra meg altså fult ut for Lars og laget i går. Sjølvsagt kjipt å måtte gjer det når ein eg satt med kjørte seg heilt opp til 2plass! Så eg gjekk nok glipp av ei veldig god plassering, men som dåke skjønner så er sykkel ein lagidrett og dette er vel igjen et godt eksempel på det!:)
Ein anna gang er kanskje meg det kjøres for og då veit eg at dei stiller opp om det skulle vera trøbbel for meg!:)

Etter å reist tilbake til Gjøvik så snart som mulig i går, blei det 1,5t på raceren om kvelden i sol og varme! godt!
I dag blei det langtur på 142km med mange spurtar på dobble 60km/t skilt. God trening for eksplosiviteten!

Til helga blir det Valdresrittet i forhåpentligvis nydelig sommarvær om metrologane spår riktig!:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3