Grenserittet – Beste nordmann!:)

Et av hovedmåla mine denne sesongen gjekk i går av stabelen. Grenserittet som går frå Strømstad i Sverige til Fredriksten Festning i Halden.
80km i kupert terreng fordelt på mykje grusveier, litt asfalt, ein del kjerrevei og nokre meter på enkle stier. Med andre ord ei løype som passa for meg!
Derfor har eg dei siste vekene jobba spesifikt med å toppe formen akkurat til denne helga.  Som ellers i sommar så strålte sola og temperaturen var høg, knusktørre veier og stier heile veien gjennom løypa! Kunne bare bli bra detta!

Eg fekk kapteinsrollen på dette rittet og dei andre på laget kjørte for meg dersom dei satt på rett plass og hadde mulighet for det. Og eg hadde skikkelig lyst til å vise meg denne rollen verdig. Har tenkt gjennom rittet, alle mulige senario osv osv i fleire veker så har nesten blitt sliten i hovudet pga all tenkinga…..

Ekstremt fokusert, nervøs og offansiv i hovudet gjekk starten frå Strømstad 8:30. Alltid “Texas” i starten så fokuset var å sitte lengst mulig forran.
Etter master starten kjørte vi ca 1km før vi brått tok til høgre inn på grusveier. Løpet var i gang! Med hjelp frå Espen Helgesen satt vi heilt i front av feltet over dei første kulane i løypa. Etterpå kom Lars Granberg opp og styrte farten inn i neste bakke. Satt perfekt plassert!:)
Kom oss lett gjennom første 15km der eg knapt nok hadde vært lenger bak en 10mann i feltet! Nye stiparti venta. Over et gjorde med singeltrack jobba litt for å komme først inn i partiet slik at eg fekk styre farten gjennom den litt humpete grassletta sjølv. Perfekt sida eg kjørte stiv gaffel. Slik fortsatte det gjennom flere kritiske parti.
Beina fremdeles sinnsjukt bra!

Partiet like ved riksgrensa hadde eg sett på som litt avgjerande og spesielt viktig å vera framme. Inn på svaberga og det bratte harde partiet var eg igjen først inn. Kom meg til tross for høg puls over som 3mann i pulje. Lars kom også tidlig gjennom slik at vi begge satt godt med. Vegard hadde fått ei lei pungtering litt tidligare, mens Espen laut bryte da eine låret hans streika!:/ Her utkrystaliserte det seg ei gruppe på ca 20mann.

Drog feltet inn i Prestbakken i jamnt greit tempo og kom derfor tidlig opp der og. Lars tok over på toppen og kjørte jamnt hardt videre opp på asfalten. Folk datt av og gruppa blei stadig mindre. Beina mine merka ikkje stort til hardkjøret og eg følte meg fremdeles utrulig fresh!

Dei mest kritiske punkta var no over og meir grusbanking venta. Farten gjekk opp og ned, litt småstøting, men aldri noke veldig seriøst bortsett frå Wengelin som stakk tidlig i løpet og som fortsatt låg ca 30sek forran oss som han hadde gjort i mange mil.

Ved ca 20km igjen var vi veldig nærme Wengelin. Johan Landstrøm støta og kom seg opp til Wengelin. Veit ikkje koffor, men var temmelig sikker på at vi skulle klare å ta igjen dei to så eg tenkte ikkje på å gå etter.
Men neida. Det stoppa litt opp hos oss igjen og det blei på nytt litt luring. Lars kjørte fortsatt offansivt og sterkt i front av feltet og avlasta meg for mykje vind.

Ved rundt 12km igjen kjørte vi langs et vatn, ganske flatt, men med grov pukk og kun et smalt spor i midten som det var litt lettare å kjøre i. Satt rundt 8mann i gruppa som eg då vil tippe var på rundt 12stk. Lars satte då fart i fra front uten at eg fekk det med meg. Han la seg ut og Fredrik Erisson sammen med Magnus Darvell fortsatte i farten til Lars.
Heile gruppa begynte å sprekke opp. Syns sjølv farten val lav så skjønte ikkje koffor. Kom meg omsider fremst og tenkte at fanken vi kan jo ikkje la dei gå. Girte opp et par hakk og gav gass! Tok fort innpå. Rekna med resten følgte på hjulet mitt, men neida! Avstanden bak var plutselig lenger enn fram til dei to. Siste 20-30m opp var utrulig seige og dei viste ingen nåde då eg kom opp. Måtte vera med å kjøre med ein gang. Ca 10km igjen og kunne ikkje sjå dei andre bak!
Like etter klarte eg å kjøre av veien og mista på nytt 20-30 m til dei. Ofra då livet ned nokre vanskelige svinger under ei trang bru og kom meg opp att. Krampen begynte og komme, men kjørte og gjorde like mykje jobb som svenskane.

Skjønte etterkvart at det kom til å stå om 3-5plassen for oss 3. Krampen blei verre og verre og langs golfbanen rett før mål støta Eriksson. Litt etter kom også Darvell med et lite støt. Var ikkje mykje saft i beina hans heller, men nok til at eg ikkje klarte å henga på. Laut sjå dei begge gli sakte i fra!
Med krampe opp etter øyrene kom eg meg omsider over målstreken! Beste nordmann og 5plass i Grenserittet var faktum! Surt å ikkje klare pallen når eg først var med i finalen.
Men blir litt absurd å tenke slik også då denne 5plassen og prestasjonen antakeligvis er det sterkaste eg noken gong har gjort på sykkel!:) Og enda kjekkare når da skjer slik og ikkje ved ein spurt. Var faktisk ca 1min og 30sek frå meg ned til 6plass…!

Og med så utrulige bein så var det bare sinnsjukt gøy å sykle heile dagen. Beste dagen på sykkel noken gang!!!:)

Må få takka Lars Granberg for fremdragande arbeid gjennom heile rittet og sterkt at han då likevel klarte 10plass!:)

Gratulera også til Hildegun Hovdenak, dama på laget vårt som tok spurten og vant dame klassen! Konge dag for teamet!:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3