Helterittet 2013 –

Nok ei helg er unnagjort og sjølvsagt var det ritt også denne helga. Trur dette må vera den helga med flest alternativ når det gjelder sykkelritt! 6-7 gode alternativ på austlandet, men valget falt på Helterittet på Rjukan! Ritt eg aldri har kjørt før så det å prøve noke nytt frista!

105km venta fordelt på stort sett grusveier, nokre få meter med sti, litt kjerrevei og ei heftig bratt nedkjøring siste kilometrane.
I utgangspunktet så passer alt dette perfekt for meg, men så er var det et lite men. Mykje bakka! Drøye 2500høgde meter dersom gps’n min viste rikitig. Ikkje heilt uoverkommelig siden dette fordeles på såpass mykje som 105km.

Starten gjekk avgårde i kl 10. Litt småkjølig, men med sola på vei opp over himmelen så låg alt til rette for nok ein herlig da på Fuji’n!
Lett start på asfalt dei første 11km. Brukte dei til å prøve å bli varm så la meg litt i feltet for å taue litt. Greit å bli litt varm før vi skulle dunke oss opp 6km med 10% snitt stigning…!
Allerede frå bunn av bakken stakk Fredrik Willman som var leigd inn som ryttet for Hardrock abax teamet. Vært i toppen i landeveis sykling i Norge i mange år og er vel ein av dei aller ypperste klatrarane som finnes i Norge.
Verken eg eller noken andre hadde nubbesjans til å følge han. Så han fekk segla sin egen sjø i front…:P
Beit meg med så lenge eg klarte/turte for å ikkje å gå på kjempe smellen allerede etter 15 av 105km. Så slapp gruppa som då var på 5mann og kjørte mitt eget tempo til toppen. Egen sekundering viste ca 40sek bak på toppen.
Gampa på i litt kupert terreng å henta til slutt gruppa ved ca kjørte 25km. Då venta ei ganske enkel nedkjøring på kjerrevei/skiløype.
Hang greit med til tross for stivgaffel! Men i ei grøft med litt stein der eg trudde eg bremsa nok sa det pjufffffffffff! F”””” pungtering!

Der og då stoppa rittet opp! Men for første gang ved pungtering så sa eg til meg sjølv at fanen rittet er langt! Så alt kan skje.
Fekk kasta i slange fortere enn eg noken gang har gjort! patrona funka faktisk! brukte vel kanskje mest tid på å få hjulet på gaffelen igjen…15mm axling framme er ikkje det kjappeste….slit med å treffe hullet…;)

Gav gass og følte trøkket fortsatt var bra! Ny lang bakke venta då det skulle stiga javnt i mange mil opp til Hardangervidda!
Sykla fort forbi dei som hadde passert meg ved den lille service stoppen min som anslagsvis tok 3-4min… Så vart mutters aleine i løypa.

Etter ca 45km der eg hadde gampa på i ca2mil aleine måtte eg roe farten ett par hakk. Litt på vei til å gå på smellen. Åt Nutrixion bar og gel, drakk litt og nokre km seinare var beina ok igjen.
Det flata omsider meir og meir ut. Med andre ord meir og meir terreng for beina mine. Litt medvind på fjellet gjorde at eg virkelig begynte å føle at farten var bra og beina gode. Begynte å skimpte et par ryttere langt framme i horisonten.
Gamping.no førte til at eg henta ein danske, og Tom Larsen etter ca 70-75km. Larsen var gått på smellen og eg feis forbi. Dansken hadde krutt igjen. Vi kjørte sammen og henta litt etter team kompis Vegard Fredheim som hadde måtte slippe Lars Granberg og Jo Nordskar som då kjempa om 2-3plass.
Vi kjørte då sammen til vi skulle bikke ned frå fjellet.

Vegard visste eg var god nedover og han med demper og meg med stiv kom til å bli vanskelig. Det blei det også. Vegard feis avgårde og danske stoppa pga teknisk. Etter å ha humpa meg ned den grasalt bratte og svingete nedkjøringa der det rauk ei eike på framhjulet kom eg meg ca 30sek i mål bak Vegard på ein 5plass. Willman vant med GOD margin. Lars på andre og Jo på tredje.

Ikkje hipphurra for 5plassen, men hipp hipp hurra for fremdeles veldig bra trøkk på grusveier og småkuperte partier!
Gleder meg til Vasan no altså som burde vera som skapt for meg etter kva folk sier!

Men aller først venter Åslende Grandprix som er 25km tempo på mtb sykkel på asfalt! Spesielt ritt som går her på Gjøvik…:)

 

Vil for øvrig anbefale alle å ta turen til dette rittet! Utrulig natur opplevelse underveis og proft arrangement!:)
helterittet

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3