Hei,
som eg alt har skrive så er treninga igang igjen etter ein kort pause etter sesongslutt. Har blitt ein del løpe- og turar på terrengsykkelen no. Forhåpentlegvis kjem snøen snart, slik at ein god del av treninga kan gjerast på langrennski. Framover mot jul/nyår blir det stigande mengde/volumbygging, og da er det kjekt og avvekslande å gjera noko anna enn å sitja på sykkelen i timesvis. Heilt fri sykkelen er eg likevel ikkje, ei terskeløkt og to tre spinningin/styrketråkk i veka høyrer med, men elles blir det langt og roleg – nærast uansett kva idrettslege aktivitetar eg driv med…

Ikkje denne helga, men neste skal eg forresten på “bli kjent” samling på Gålå med elitegruppa til Lillehammer CK, der eg etter årets resultat har vore så heldig at eg er blitt tatt med. Gler meg utruleg til dette. Dessutan er det svært motiverande for treninga.
Å ha fått ein sykkelkompis frå Fana IL Sykkel, Ole Eikeset å trena med, gjer inspirasjonen framføre neste sesong også langt større og meir motiverande enn på fleire år.

PS. Etter treningssamlinga på Gålå kjem eg nærare tilbake til trening og sesongplan, men i hovudsak gjeld det no skuffa på med mengde og byggja basisen, før tøffare trening kjem til ein gong ut på vårparten

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3