Cycelvasan og Åslende GP

Ny veke er unna gjort og det betyr sjølvsagt minst ett sykkelritt! Denne veke blei det faktisk to. Åslende GP og Cycelvasan.

Åslende GP er et lokalt litt uhøgtidelig ritt lpå Gjøvik, men sjølvsagt med stor prestisje innbyrdes i lokalmiljøet her;)
Spesielt ritt på 25km tempo på terregnsykkel. Einaste i sitt slag i Norge kanskje…?
Tung løype med mykje stigning dei første 15km før det går nedover siste 10km.

Heldig/uheldig så fekk eg Jan Olav Beitmyren 30sek forran meg på start. Positivt at eg hadde ein rygg å jakte på, men negative var at eg jakta for fort!
Åpna i hardeste laget og henta han ganske tidlig. Fekk betale for dette og måtte sakke litt på farta midtveis for å ha igjen litt krefter til å trøkke på nedover.
Klarte heldigvis å samle litt krutt igjen, og ned frå Haug kyrkja for dei som er godt kjent så fekk eg fart på hjula igjen.
Etter å sjekka litt Strava tider mot konkurrentane så var det nok her eg klarte å ro i land seieren i årets Åslende GP med 14sekunders margin til Bjørn Erik Tokerud som kjørte sterkt! Jan Olav kom inn det sammen med meg som nr 3 altså 30sek bak.
Bra trenings økt som eg håpe å få betalt for fram mot Birken!
Cycelvasan gjekk i går i tilnærma område som Vasaloppet. Salen til Mora. 95km i temmelig flatt terreng på stort sett grus, uten dei store og krevande bakkane. Løype som i utgangspunktet skulle passe meg veldig bra!!:)
Starten gjekk kl 9.00, men med et litt håpløst startopplegg så var Vegard Fredheim og eg allerede på startstreken med syklane våre kl 7:45!!!
Oppvarming? Neeeei! Gjekk å tråkka og prata med resten av folka som hadde satt opp syklane sine…Pluss at vi såg på dei 15heldige som var seeda fremst i feltet som sykla rundt å blei gode å varme..hehe

Starten gjekk omsider og det rett inn i slak motbakke på 2-3km. Grei fart opp bakken, men kjente fort at beina ikkje var så bra som håpa. Då det flata ut så skaut farten bokstavlig talt i været! Gjekk unna som det aldri før har gjort i et maraton ritt som eg har kjørt! Beit meg fast så godt det lot seg gjera til tross for at eg visste innerst inne at faren for å gå på den reale smellen var rett rundt hjørna. Kom meg oppskriftsmessig gjennom litt kritiske punkt sammen med teten. Men dæven det røyna på kreftene!
Etter et litt tungt småkupert terreng/skogsbilveg med voldsomfart var det et par mann forran meg som gav luke. Måtte tette denne då vi kom ut på et asfalt strekke i slag motbakke. Tetta luka med nød og neppe, men nett fått tatt ein slurk med drikka så blei det støting i teten. Farten gjekk opp og strikken min rauk! Stokk stiv som eg sjelden har vært noken gang i et sykkelritt! Hadde då kjørt ca 32km…
Tenkte ei lita stund på korleis eg skulle komme meg til Mora!? Men det kom seg heldigvis litt då eg fekk nokre minutt på meg før ei ca  10mann stor gruppe henta meg. Blei då med på kjøret her i håp om at teten skulle stoppe opp. Men akk nei! Teten segla i frå og fekk fort 2-3min på gruppa mi.

Vi fekk etterkvart sekunderinga om at vi sykla for 12plassen i gruppa vår. Tross alt ei bra plassering og noke å kjempe for. Så jobba i gruppa for å halde farten oppe for å unnga fleire folk opp bakfra. Det klarte vi. Inn i Mora parken gjekk farten ned. Eg blei sittande i front siste 4km då ingen ville fram. Sykla bare i et grett tempo heilt til siste km då eg øka gradvis på farten. Over nokre bruer inn på oppløpet var det bare Ola Kjøren som satt igjen på hjulet. Tapte då sjølvsagt spurten mot han som fekk et fint opptrekk..hehe
Blei altså 13plass i min første deltakelse på Cycelvasan. Bra på ein dag der eg følte meg litt tung og ikkje heilt restituert etter Åslende GP!

Men blei skremt av nivået i Sverige! For makan til tempo har eg sjelden eller aldri opplevd! Frykte fort gitt! Innponert over Anders Fiskvik som einaste nordmann klarte å henge med teten til mål, men blei der sist i spurten og 11mann.

No venter ei litt hard treningsveke som avsluttes med Raufossskogen MTB på laurdag!:)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3