Oppsummering av 2013 sesongen!

Ein lang sesong er for så vidt over med unntak av 5 cyclecross ritt som skal kjørast i oktober/november. Dei er mest for moro skyld så satsingsritt er med andre ord over.
Hadde håpa å få kjørt NM/NC avsluttninga på Geilo forrige helg ved Skarverittet. Forkjølelse satte ein effektiv stoppar for det dessverre. Men faktisk første og einaste rittet eg har måtta stå over i år pga sjukdom. Langt bedre enn det normale for meg!:)

Fra start til slutt.
I vinter trente eg bra og endra ein del på opplegget med å trene styrke på beina i staden for styrketråkk. Alt gjekk etter planen og under ein tur på Tenerife rett over nytt år fekk eg lagt litt timer på asfalten. Perfekt! Men så kom nedturen…Ein lang nedtur! Forkjølelse som aldri ville ta slutt! Førte til 6 veker fullstendig uten trening…! Det er lenge. Faktisk så lenge at eg egentlig hadde lagt opp syklinga. Fekk liksom smaken på det å leve uten treningsjaget. Men blei overtalt til å fortsette og team sjef meinte dette likevel kom til å bli ein knall sesong. Dog noge skeptisk til det så begynte treninga igjen!

Hardt og brutalt ei veke etter eg begynte på igjen blei det samling på Slettestrand Feriesenter i Danmark. Stier, stier og stier!:) Noke overraskande kjørte eg ikkje så mykje seinare enn dei andre. Fekk trua tilbake!:)

Første ritt kjørte eg på landeveien i et sterkt startfelt på Ronde Van Berg. Hard, brutalt og uvant. Ei veke seinare blei det Feiringrittet kor beina allerede var blitt langt bedre! Framgangen fortsatte og begynte å følte meg bedre og bedre.
I mai og juni kjørte eg ein del ritt sammen med Team Atea Pro Aktiv. Utrulig moro og knallbra trening. Rullekjøring med høg fart. Følte denne kjøringa var med å bedre trøkket mitt for resten av sesongen.
Mai bestod også av sesongens første terreng ritt på Helgøya. Merka her at avstanden opp til dei beste var kortarene enn før. Låg bra an, men punga og fekk rittet ødelagt.
Første NC ved Montebellorittet blei ein ok 8plass, men med veldig liten avstand opp til dei beste! Positivt! Einarittet dagen etter, kun slått av Bjerkset.

Etter delvis å fryst i hjel under Bergen-Voss der Atea gjengen for første og einaste gangen måtte slå seg slått var eg delvis snørrete. Men ved hjelp av antibiotika som faktisk funka mot det eg hadde dratt på meg fungerte kroppen meget bra på årets første grusritt. Raumerrittet. Riktig nok den sure 4plassen totalt, men 3plass i menn elite. Bra prestasjon i et sterkt startfelt. Ny bekreftelse på at kjørestyrken var bedra!
Dagen etter Raumer’n kjørte eg igjen med Atea. Mjøsarundt. 26mil. Gjekk som det måtte gå dagen derpå. Tunge bein, men bidrog med mitt i 17mil. God trening!

Så var det hovedmålet for Atea laget. Trondheim – Oslo. Forferdelige værforhold førte til at kroppen min slutta å funke på Dovrefjell. Kald og forfrossen ble det ein langtur i servicebilen i stede. 13 mann kom i mål overlegent forran Rye, men håpløst i forhold til rekord grunna været.

Atea opplegget var over etter T- O så no var det kun terreng som gjaldt.
Hedmarksvidda rundt var første ritt. Enda med seier og solokjøring på slutten!:)
Neste var  Moldechallenge som var tredje norgescup ritt. Her ofra eg meg for lagkompis Granberg som fekk framhjulet mitt etter ei pungtering. Har trua på at topp 5 var mulig slik rittet hadde utvikla seg. Men lagarbeid er viktig.

Valdresrittet stod igjen for tur. Tredje året på rad. Liker det rittet der. Vant i fjor, men måtte i år sjå meg slått av Carl Fredrik Hagen som var i storform.

No var alt retta mot Grenserittet for å få til ein skikkelig formtopp. På veien kjørte eg Sjusjørittet for å få ei bra hardøkt. Droppa faktisk NC4 på Furusjøen for å ikkje kjøre meg heilt i kjellaren helga før. Vant Sjusjørittet også etter spurt oppgjer!

Omsider. Grenserittet. Kjente dagen før på ei gjennomkjøring av deler av løypa at beina var på hugget. Og det var dei definitivt på ritt dagen også. Tidenes beste dag på sykkelen. Enda som beste normann på 5plass over 1,5min framfor neste mann. Kun slått av 4 sterke svensker. Høgde punkt både i karrieren og denne sesongen!:)

Prøvde et par nye ritt for min del. Helterittet og Cycelvasan.
Veldig gode bein også på Helterittet, men pungterte. Enda likevel på ein fin 5plass. Willmann vant suverent!
Cycelvasan blei bare nesten…Litt små tunge bein og tydelig ein nedadågående formkurve. Hang med i tetkampen i et forrykande tempo i ein time. Måtte slippe og blei sittande i gruppe 2 til mål. Enda med ein 13plass som sjølvsagt er bra i så stort ritt, men følte likevel at rittet ikkje var maks da dagen var litt tung. Bedre neste år…;)

Oppkjøring mor Birken. Kjørte da Raufosskogen MTB. Ny seier der eg parkerte sjølvaste Manengen på slutten…;)
Veka etter så sovna kroppen bare. Følte meg ikkje bra, men karra meg likevel med i pulja som tilslutt kjørte for 6plass. Mista kjede rett etter Rosinbakken og måtte sjå gruppa fly av sted. Kjedelig! Blei derfor ein skuffande birken på 26plass!:/

Birken blei jo då siste viktige ritt sidan eg blei sjuk før NM.

Som dåke ser har sesongen vært bra, med gode plasseringa i store ritt og seier i dei mindre!:)
Ønsker jo sjølvsagt at det skal bli enda bedre og når eg no oppsummerer antall timer i sesongen 2012/2013 så kjem eg opp i ca 510tima som er registrert i treningsdagboka. Dette er det minste eg noken gang har hatt, men likevel min beste sesong!! Gått under det andre folk trener for å sei det enkelt…!

Lysten for å få til ei ordning som gjer det mulig å trene meir uten å sette familien heilt til sides er stor. Jobber med saken og håper å få på plass ein løysing i løpet av hausten!:)

Takk til sponsorar, støtteapparat og ikkje minst fruen som lar meg drive med dette!:))
Go hard or go home!
sportograf-41163902

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3