Hjula triller igjen!

Wop wop!

På tide med ei ny oppdatering da det har skjedd litt sida sist innlegg der eg skreiv at spinning skulle testast.
29juni tok eg ei økt med store forhåpninga om at ryggen skulle tåle ei lita økt. Testen stod vel egenlig til stryk karakter så økta blei 40min lang og tildels vond.
Likevel kjørte eg på med tilsvarende økt kommande dager i håp om at det ville bedre seg. Panikk trening…ja! :p
Å utrulig nok så blei det faktisk bedre for kvar økt. Mindre smerter for kvar dag som gjekk.
Og den siste veka har eg faktisk hatt sykkeltura ute!! :)

Alle øktene eg har sykla sida eg begynte igjen har vore mellom 40min og 1,5t. Og veldig mange av dei med forholdsvis høg intensitet pga kort lengde på øktene.
Etter litt testing på sykkel ute så blei beste alternativet racer sykkel med tempobøyler.

Tempobøyler pga armen som eg ikkje har klart å holda på styret. Denne stillingen fungerte overraskande bra på ryggen. Så då var både armen og ryggen i ein posisjon som skulle tillata å tråkka litt. Men å sitte i tempostilling over lang tid er jo rett og slett et helvete…:P
Sjukt sår i ræva/pungen! :p og stiv i hofteledsbøyarane! Men men! Får no sykla!:)

Men dæven døtte så fryktelig mykje beina taper seg på 2-3veker med kun gåing som aktivitetsform!!:(
Beina klarer å produsere litt watt fremdeles, men når det skal trøkkes over terskel er det rett og slett ingen punch! Heilt dødt! Håper dette kommer like fort tilbake som det forsvant..;)

Klipte i dag gipsen av da den rett og slett holdt på å ta knekken på folka rundt meg! Stinka lettare sagt mannskit av den! To dager før tida, men tok sjansen. Stiv og rar i handleddet, lite styrke og smerter i visse posisjoner.
Sykla ein tur i kveld med støttebandasje, men blei fort vondt dersom eg ikkje log i tempobøylen.
Spennande å sjå korleis dei neste vekene utvikler seg.
Einaste eg kan sei er at eg jobber mot klokka med tanke på grusklassikarane i august….:/

Time will show how the continue will be..:)

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3