Helterittet 2014 – Langt og tungt!

Reiste på fredag til Rjukan med fruen og minste jenta for å kjøre Norgescup maraton nr 4. Vi budde på ei snasen campinghytte like utenfor Rjukan. Ei lita steikeplate, utslagsvask og ein gammal kaffitraktar. Alt ein trengte. Har sin skjarm å bu slik av og til også!:)

Helterittet som går på og langs randen av Hardangervidda i vil og vakker natur! Kjørte rittet i fjor også da uten at rittet var Norgescup. Hadde da veldig gode bein og fekk ei veldig god opplevelse av rittet da det er ei løype som krever sin mann/kvinne!

Starten gjekk kl 9:45. Delvis overskya og passe sykkeltemperatur rundt 15grader. Master start ut av sentrum og ein transport etappe 12km nedover dalen før rittet for alvor begynte. Vi svinger da av hovedveien tar til på ein evig lang bratt bakke! Snaue 8km med 8% i snitt.
Med kropp som ikkje er heilt i ritt form kjente eg fort at dette var langt utafor komforsona mi! Pulsen skaut i været og det begynte å gjer vondt i brystkassa! Tråkka det eg klarte, men måtte sjå store deler av startfeltet gli i frå meg. Skjønte allerede no at denne dagen kom til å bli lang og hard!

Litt småkupert på toppen før det bar rett ned fjellsida igjen til Atrå. Her hadde vi som kjørte NC fått ein ny sti for å komme oss ned dit. Gud bedres så moro, men noke skummelt då bakbremsen begynte å svikte!
Heilskinna ned så bar det inn på ei ekstra sløyfe i Atrå på kun sti. Etter å knapt kjørt sti på fleire måna stor kosa eg meg faktisk dei 4,5km med teknisk morsom stikjøring som var der:)

Fotograf Kai-Otto Melau

Fotograf Kai-Otto Melau

Desverre så var gleden kortvarig….Visste jo at vi no skulle til fjells igjen. Meir eller mindre stigning i 30km før vi til slutt kom opp på vidda. Fekk på vei oppover ei sigepungtering på bakhjulet. Håpa eg skulle klare å komme meg til service sone på 61km, men måtte kjøre inn ei gasspatron med guffe 1km før den..:P (takk til Sepura rytteren eg fekk patrona av!!)
Satsa på at den skulle tette og dundra på for å ta igjen dei 4 andre eg satt sammen med.

Den holdt ei stund..Oppe på fjellet og meir banking i småkupert terreng på grus kjente eg at det stadig blei mindre og mindre luft. Blei sittande å kjøre aleine i 25km før eg endelig såg fruen stå på toppen av ei stigning som tok fullstendig knekken på meg! Einaste eg tenkte på var å få pumpa luft i dekket. Holdt jo sikkert til mål sida det holdt i 25km med bare patrona!? Tenker tydeligvis ganske lite rasjonellt når ein er på felgen. 3km seinare så var dekket flatt igjen! Først når eg stod der å kava med å legge inn slange skjønte eg kor dust eg hadde vært! Fruen hadde jo ekstra bakhjul i bilen! Idiot!

Irritert på meg sjølv og fullstendig utmatta blei det bare å tråkke seg til mål. Lufta gjekk ut av meg også når eg rasa nærmare 10 plassa på resultatlista bare pga irrasjonell tenking.

Etter ca 20 serpentinersvinga ned fjellsida med kun frambrems må eg nesten sei meg fornøyd med å bare fullfø! Sjølv om plassering på resultatlista blei møkk så trengte kroppen min virkelig dette. 105km, ca 2350høgdemeter og tidsbruk på 4:25min blei detta ei rimelig heftig økt for meg!
Positive er at dagane etter rittet har beina vært bedre enn på evigheter! Lever i trua på mega form til Birken…..!:)

Gratulerer til Carl Fredrik Hagen for ein vanvittig sterk seier!

Foto: Mats Grimsæth Photography/matsgrimseth.com

Foto: Mats Grimsæth Photography/matsgrimseth.com

 

One Comment:

  1. Better days will come :-)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3