CykelVasan 2014

Med splitter nye Huchinson Black Mamba tubless dekk som eg aldri har prøvd før etter anbefaling av Martin Haugo stod eg spent på startstreken på Cykelvasan i går!
95km i lettkupert terreng fordelt på grus, litt asfalt og mykje kjerrevei! Løypeprofil som passer meg som plommen i egget!
Kjørte rittet i fjor også så kjente til løypa og mange av dei mest kritiske punkta!

Starten gjekk kl 8:00, lett regn og 8grader. Tydelig tegn på at sommeren er over!
Med alle pungteringer i bakhovudet var eg nesten sikker på at det hadde minka på lufta i bakdekket når eg stod på startstreken. Tydeligvis blitt paranoid av alle punginger for dekka var tette frå start til mål!! Så endelig et innlegg uten pungtering!:)

3km lang bakk frå start på asfalt. Gjekk heldigvis vesentlig roligare enn i fjor. Satt ok plassert i feltet. Klar for å bite meg fast på bakhjulet til svenskane. Hadde nemlig bestemt meg for at i år skulle dei pokker meg ikkje få kjøre frå meg! Grunnen til såpass positiv innstilling grunnast vesentlig formheving den siste veka!:)

Kilometrane gjekk og satt bare å venta på at det skulle smella! Og det gjorde det. Meir eller mindre på samme plass som i fjor. Etter ein knapp times kjøring. Eg beit meg fast og tetpulja blei mindre og mindre. Blei til slutt ca 20mann som kom oss avgårde. Mange små korte og intesive bakka der svenskane vireklig tråkka på gassen. Hang likevel greit med. Bli og fornøyd visste eg at dette kunne bli bra!

Etter ca 65km kom vi til Oxberg. Den einaste stigninga som er noke å snakke om.I de vi gjekk inn i bakken tok pulje to oss igjen. Dette skapte til uro i gruppa da alt for mange absolutt skulle fremst inn i bakken. Det resulterte i at eg kom alt for langt bak i det vi starta på bakken. Over bakke toppen satt eg i et vakum ca 10sek bak teten aleine. Kun ein ting å gjer. Ofre alt og tråkke som f……! Gjekk tydeligvis fort i fronten for ikkje pokker om eg skulle klare å ta dei igjen…Tråkka og tråkka..meir og meir syra! Nesten som eg fekk lyst å ropa: vent på meg! Visste at det før eller seinare kom til å stoppe litt der framme og omsider så gjorde det det. Då hadde eg vel kjørt 6-7km bare +/-10sek bak gruppa! Det hadde kosta krefter, men her i frå og inn så var det då meir eller mindre heilt flatt!:)

Gjekk heldigvis gandske rolig i ca 1mil til det stod igjen ca 10km. Støting og fartsøkninger! Kjente at eg takla det bra og beina faktisk var blitt ganske gode igjen!
Satt nesten og gleda meg til spurten. For eg veit jo at spurten min er ganske kvass!

Plasserte meg bra i feltet i det vi nærma oss stadionen. Ca 1,5km skulle vi over nokre bruer med våte og sleipe planker. Her klarte jo då sjølvsagt  ein svenkse å skli! 6-7stk som var forran veltet fekk luke på oss som blei hindra og måtte stoppe. Eg mata det eg klarte og tetta luka. Hadde vel då sikkert 10stk som låg på hjulet mitt. Tok dei i front igjen i det vi kjørte over brua opp mot oppløpet! Pokker det kosta!
Kosta litt for mykje for måtte ta et par “kvile” tråkk og vips så var eg litt for lang bak i feltet igjen! Muligheten for å spurte om seieren forsvant, men gav absolutt alt i spurten som går på et langt paddeflatt asfaltstrekke! Kjørte forbi mange og kom til slutt i mål som beste nordmann på ein 6plass!!

Veldig fornøyd med plasseringa og at kroppen endelig virka bra igjen!:)
(men samtidig tørr eg nesten ikkje tenke på kor høgt opp på lista det kunne godt uten den hindringa 1,5km før mål…….)

Ein ting er sikkert: eg er på startstreken neste år også! Målsetning topp 3!:)

Takk til DBS Helios gutta for hjelp med overnatting og langing!
Takk til Haugo for mega bra dekk tips!;)

Resultatliste: http://results.vasaloppet.se/2012/?pid=list

Sjå spurten her (frå ca 20:45 ut i filmen) http://www.svtplay.se/cykelvasan

_MG_0512 Cykelvasan_web 1 Cykelvasan_web 8 Cykelvasan_web 2

2 Comments:

  1. Gratulerer med meget bra resultat og takk for en hyggelig tur :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3