Hard veke inkl Vangsåsen opp og Elgtråkket

Birken forberedelsane begynner å gå mot slutten. Heldigvis for eg vel nesten sei. Slitsomt å prøve å toppe formen…!
Cycelvasan blei kjørt forrige laurdag. Mandagen stod terskel drag på planen, tirsdag vart det totalt 27min knallhardt fordelt på drag frå 2-5min med lange pauser. Fri onsdag.

Vangsåsen opp på torsdag. Lite motbakkeritt på Hamar i regi av bedriftsidretten. 20,7km lang og ritt tid på ca 42min. Det blei kjørt hardt frå start og det skilte seg fort ut ein tet trio med meg og to til. Satt ganske greit og stolte på at eg sku ta dei i spurten. Tråkka til i siste kneika og fekk såpass med luka at eg hadde tid til ei lita feilsykling like før mål. Lite ritt, men seier er seier. Kjempe treningsøkt vertfall! Fredag ny fri dag.
Laurdag 2timers med ein del små spurter og et kort hardt drag på ca 3min.

Idag søndag kjørte eg Elgtråkket. Ritt eg aldri har kjørt før så visste fint lite om løypa. 27km som viste seg å vera fordelt på ein del grus, bittelitt asfalt, ein del flytsti, men og overraskande mykje real sti! Alt i alt ei veldig morsom løype! Ikkje det største startfeltet, men med Ole-Christian Fagerlipå start som også vant rittet i fjor så veit ein at det blir stritt!
Vi vart fort ein firerbande som kom i frå. Vi samarbeida greit og syns dei første 13-14km gjekk greit. Men så kom vi inn på eit lengre stiparti med singeltrack lett stigning og ei del humpete underlag. Fagerlig gav gass, Karlsen som låg som nr 2 gav luke. Kom meg til slutt forbi. Tetta luka, men det kosta for mykje. Fagerli seig sakte men sikkert i frå meg. Han satt der å fløyt på sin fulldempa, mens eg satt å knota min hardtail. Han fekk et drøyt halvminutt på meg.
Denne avstanden holdt seg temmelig stabil til mål. Så eg trilla i mål som nr 2 med ca samme avstand bak til dei to neste, Karlsen og Nyland som fram til Fagerli. Ei meget god gjennomkjøring på akkurat 1time!

Beina var som dei burde vera i dag. Forholdsvis ok, men noke slitne etter vekas hardkjør. Kommande veke blir veldig rolig for å samle overskudd inn mot Birken. Og om trenings slår likt ut som i fjor før grenserittet med tilnærma samme opplegg så kan Birken bli artig!
Om 6 dager så har vi fasit!
Målet har heile tida vært topp 10 som er vanskelig i Birken. Garantert ikkje lettare i år når det trulig er tidenes sterkeste startfelt! VM i Hafjell veka etter har ført til mange utenlanske kanoner på start, samt at snart halve landeveiseliten stiller på startstreken…Blir svett bare av tanken på kor fort da komme til å gå opp til Skramstad.. puh! :) 015a6f283d770d83e680092d7278bdc8dbb0bf7d8b

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3