Birkebeinerrittet 2014 – 6plass !!:)

Etter å meir eller midre ikkje vert til stede den siste veka pga at Birken har surra rundt i hovudet konstant er det jaggu deilig å vera ferdig med rittet! Og ikkje minst når det gjekk så sjukt bra!

Nervøs som et uvær på startstreken der eg har gått gjennom løypa og alle tenkelig scenario av rittet x antall gangen gjekk starten endelig kl 15:00 i går. Reine drepen å gå å vente ein heil lørdag på å få starte!
Var seeda i B feltet pga skadene i sommar som førte til lite resultat på ritta Birken seeder eliten etter. Forsåvidt ikkje noke problem då eg var så langt framme som eg ønska i feltet etter 300m.
Farten var som venta høg oppover bakken mot Skramstad i det som muligens er tidenes sterkaste startfelt på Birken…?!
Landeveisrytterne satte farten. Syntes egentlig det gjekk ganske greit oppover tiltross for at pulsen låg langt inn den berømte røde sona til Kaggestad! Farten blei skrudd vesenenlig opp når vi kom over på grusen. Eg klorte meg fast i ryggen til fjellgeiter eg normalt sett aldri er i nærheten av å kunne henge på! Skjønte at makan eg har jo virkelig truffe med formen! Etter ei drøy mil opp i bakken skjønte eg at det ikkje var fornuftig å følge Willman og 5 andre i teten. Slapp og seig kontrollert bak til neste pulje på rundt 10mann.
Vi passerte Skramstad ca 30 sek bak teten.

Inn mot Djuposet tetta vi luka og eg var først i gruppa ned i Djuposet! Kom inn på stien som ca 5mann! Skjønte nesten ikkje heilt kva som skjedde! God følelsen var der enda, litt trå når vi måtte av sykkelen for å springe. Kom meg på sykkelen og gampa på. Hadde grei flyt gjennom stipartien, men blei akkurat for mange meter bak…
4mann, Willmann, Løvik, Korsæth og Hovdenes kom seg i fra! Pokker så nært!!

Blei sittande med fjorårets svenske mester Darvell, Nesteby og Larsen. Vi hadde ei grei luke bakover og hadde ikkje noke anna valg enn å prøve å kjøre det remmer og tøy kunne holde! Samarbeida bra heile veien. Prøvde å kjøre kontrollert i bakkane og mate som fy bortover og nedover! Heilt ideelt ritt opplegg for min del! Digger slik kjøring!
Larsen datt etter kvart av slik at vi bare blei tre igjen.

Fekk sekunderinger framover og skjønte at det kom til å bli umulig å ta igjen teten. Fokus var å holde folk bak på trygg avstand. Såg aldri noken bak oss, men visste at plutselig så kom toget!
Det svei meir og meir i låra, men hadde fortsatt grise bra trøkk. Runda Storåsen. Kjempe stemning langs løypa! Satt bare å smilte på sykkelen da det å sitte å sykle om 5plassen i Birken var ein vanvittig tilfredstillande tanke!

Kilometrane gjekk fort frå Storåsen. Plutselig var ballettbakken neste utfordring. Med fallet i sommer fortsatt i bakhovudet føltes det ut som eg tok ein “Willmann” ned bakken der i år! Turde ikkje sleppe på..Darvell fekk meter og holdt det inn. Holdt Nesteby bak meg og 6plass i Birken var et faktum!

Tiende gang eg deltok på Birken så var jammen på tide å klare målsettningen sin om topp ti! Kuleste var jo at det skjedde etter først å sykla rundt lille fingeren til fjellgeiter som oftest bare flyr i frå meg i maraton sirkuset. Før så å kjøre lag tempo i 70km til mål!

Sa i sommer når eg knakk arm og rygg at “I will be back” og det i Dario Cologna stil! Føler eg med fulle kan sei at det klarte eg! 6plass i Birken og Vasan! Sesongen blei likevel vellykka gitt!:)
Aldri gi opp har alltid vært ein holdning eg har hatt og den skal eg jaggu fortsetta å ha!

Takk for alle gratulasjoner og for at så mange følger med på syklinga mi! Det inspirerer enda meir!:)

Dagens sykkel oppsett:
Fuji SLM 1,1 med stiv gaffel
Sram XX1 gruppe med 38T
Hutchison Black Mamba 2,0 tubless dekk forran og bak
Nutrixxion blandet med ringer + mange xx force gels!!
Bringbu kvarstad
Bilder klipt ut fra NRK sin direkte sending (blei litt dårlig kvalitet)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3