Rypejakt


Julaferien starta tidligare enn planlagt så eg kom heim til Omvikdalen på tirsdagskvelden. Har lenge hatt plana om å jakta rypa nokre dagar i ferien, og når værgudane meldte strålande sol allerere fyste dagen eg var heima var det bare å ta beina fatt og labba avgårde. Litt snø og litt vind var det på fjellet, men ikkje meir enn at da gjekk veldig greit. Å fugl var det faktisk der og! sjelden har eg sitt så mykje fugl på Hjelmelandsfjellet! :D Men da gjelper jo fint lite når eg ikkje klarer å treffa! hehe….blei bare bom heile dagen!
Samma været også i går, så då vart da ny tur! Og etter bare ein god halvtime gjekk eg på dei første rypene. Og på første skuddet for dagen vart det treff!! Mi første rype nokon sinne! Artigt!! :D Når dagen starta så bra vart eg jo sjølvsagt veldig optimistisk, men da vart ikkje fleire på meg. Virka nesten som om rypene leika med meg. Dei fauk avgårde så tidlig at eg ikkje hadde sjans til å treffa. Men dagen var jo uansett redda sidan eg hadde mi fyste rypa i sekken! I tillegg så har eg fått to daga med grådig god trening! Anbefales!! :D

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3