Nose job!

Var tidligare i veka på Gjøvik sjukehus og fekk gjort ein real nose job! 

Utskraping av bihulene. Kronisk bihulebetennelse som aldri slapp. 

Så siste mulighet blei kniven! 

 

Viste seg å vera fornuftig då det var tydelig betennt på begge sider i følge doktoren som gjorde inngrepet. 

 

Etter 5 drit kjedelige daga på sofaen med temmelig tett og rennande nase pga to stykk tamponger trødd langt oppi skallen, var det i dag ny tur på sjukehuset. Heldigvis for å få dradd dei ut. Ein fæl følelse, men jaggu godt etterpå. 

Fortsatt mykje rusk og rask som siver ut enda, men det kjennes lovande ut med tanke på økt luftinntak!:)

 

Må være lat og kjede meg nokre daga til før eg pent og pyntelig begynner å trø igjen. Alt tyder på at eg skal rekke planlagt samling på Mallorca med teamet neste helg.. Good timing! (Forhåpentligvis)

 

Bare et skjær i sjøen da.. Sjølvsagt. Kroppen min er jo ikkje nett lettvint å ha med å gjera. For har truleg fått infeksjon i nasa/opp mot venstre auga som ein følge av inngrepet. 

Så å bevega venstre auga er eit reint h….te! 

Kjennes ut som da står ein kniv rett inn i skallen på meg som vris rundt kvar gong auga bevege seg! Damn! 

Satt på antibiotika som forhåpentligvis tar knekken på den dritten der! 

 

Jeje det var dagens rapport frå syk(k)listen Mehl!

Dæven meg godt det fortsatt er 7måna t mine hovedmål………! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3