Mallorca samling :)

Forrige veke tilbrakte eg på Mallorca sammen med store deler av teamt. Vi drog ned lørdagsmorgen kor vekkerklokka stod på 2:55….Tidlig!
Ingen forsov seg og alle hadde huska bag og sykkel, eller dvs det var nett før eg ble ein stk handbagasje i minus. Satte den fint fra meg når vi dreiv med bagasjelapper og boardingkort.
Satte kursen målretta mot bagasje innlevering og spent på vekt og eventuelle tilleggsgebyr pga overload! 2kg over på sykkelkoffert! fasit 259kr i minus!^^
Men så var det håndbagasjen. Ensa ikkje at den mangla før Lars på sitt normale og avslappa vesen kom dinglande med den! Saved by Granberg! Thanks!:)

Over til meir sykkelrelatert sladder! Vi slo leir i Casa del Stomperud. Ein stk så kalla leilighet på strandpromenaden i Alcudia. Luksus langt over standaren som Team Sky var inn losjert på bare noke kvartaler lenger ned i gata! Leiligheten innhold både heis og vinrom! Btw så ble i heisen meir og meir brukt jo lenger ut i oppholdet vi kom. Stor takk til mister Stomperud for lån av kåken! :)

Treninga var som det pleier å være på vintersamlinger med fokus på mengde. Eg skulle være 4 dager kortare enn dei andre så kjørte uten kviledag, mens dei andre tok rest dag på dag 4 og 8.

Ettersom eg kjørte første langtur på syklistenes øy bare 13 dager etter operasjon på bihulene var eg sjølvsagt noke spent på korleis det skulle gå. Hjalp jo ikke på at eg starta på antibiotika kur nokre daga før avreise. Fikk så pokkers til vondt i venstre auge 5dager etter operasjon. Viste seg at det hadde gått gule streptokokker i operasjonssåret i bihulene. Visste forresten ikkje at det var det eg hadde før eg kom heim frå samlinga…:P
Men men samme det, trenes det måtte det bare!

De første dagane var vel egentlig ganske fæle. Puls langt til himmels bare eg tenkte på å tråkke rundt. Gjekk seg heldigvis gradvis til og blei meir normalt når eg slutta på antibiotikaen.
Vi kjørte ein dag med 3stk langdrag. Hardt å henge på sprekingane på laget, men overraska meg sjølv med å klare det…
Samme gjorde eg også nokre dagar seinare då vi gassa litt meir på med kortare og hardare intervaller. Dei andre hadde hatt kviledag dagen før, mens eg hadde dunka 5timers aleine.
Beit meg jaggu fast på bakhjulet på dei draga også. Men skal seiast at klatremusa Sørtveit såg lett ut der han dunka oppover og satt å beit i styretapen! Skal virkelig bli spennande å sjå kva han får til i sin første sesong som MTB syklist!

Dagane gjekk og sjølv om eg sjølvsagt blei trøttare for kvar dag så blei faktisk beina bedre og bedre. Så nest siste sykkel dag blei det ein 7timers  og 200km. Fin fin tur der eg er glad Espen blei med dei siste 2 timane då resten av gutta egentlig “bare” skulle ha 5timer.
DCIM100GOPRO

Fasit etter endt veke på i sykkelmekka blei ca 1000km og 35timer på sykkelsetet! Hadde håpa å klare å få til såpass, men hadde nesten ikkje trudd det skulle gå med “oppvarminga” til samlinga!
Godt å få litt timer i banken og litt meir å bygge vidare på utover seinvinteren. For eg er fortsatt langt bak skjemaet for der eg hadde planer om å vera på dette tidspunktet. Men mykje kan skje på et par månader til.
Skader jo ikkje at eg då gjekk ut i pappapermisjon i dag og tar med heile familiene til Kypros i lengre tider! Ollala!;)
Håper bare helsa holder då det har vært reine infernoet av snørr og basselukser hos dei søte små frå dag ein når eg kom heim igjen. Ikkje ideelt når ein kjem rett frå samling og nedbrutt immunforsvar.
Er vel på sin plass med ei lita beklaging til fruen etter all sutringa og bekymringa mi etter frykten for å bli forkjøla sjølv…;)

Kommer nok noken referat der nede fra også om eg ikkje sykler meg heilt vill med tanke på at det er venstrekjøring på øya der…^^!

Go hard or go home! See yea!

Til slutt takk til gutta krutt for et supert opphold på Mallorca! Bra gjeng!:)

DCIM100GOPRO

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3