Kypros veke 1!

Bortsett frå at det er mykje jobb og stor sjans for lite søvn med unger så er det stortsett bare stas! Og så får ein jo pappaperm!
Staten endrer støtt på fordelinga av veker perm mellom mor og far. Eg var så heldig at Ella Marie kom til ein liten måned før da blei endra frå 14 veker til 10 veker som er forbeholdt far. Så 14 veker, check!

For å prøve noke vi trulig ikkje får sjans til fleire ganger så har heile familien Mehl “flytta” til Kypros for ein 5 veker lang periode. Booka oss inn på familien Sollie’s casa midt i storbyen Limassol. Perfekt beliggenhet og ein leilighet som er inneholder alt vi trenger og god nok plass til å boltre seg litt for dei søte små.

Men neida, vi er ikkje her bare for å skifte bleier, slikke sol og eta is. Turen har jo sin baktanke. Trening!

Perfekt å få lagt ein lengre periode hit i sesongoppkjøringa. Varmt, sol, lite slaps/snø og komme seg vekk frå infernoet av forkjølelser som florer i Norge fordi folk kaste alt av klær så snart dei ser sola kikke fram!:)

I og med at oppholdet blir så langt så blir det ikkje å banke på med 35timer i veka! Då hadde eg jo daua etter veke 1. Blir meir normal trening med opplegg frå team sjefen for å få kroppen tilbake på stell. (mangler pdd mykje på det)
Veke 1 har godt som planlagt med fordeling mellom mengde og litt terskel. Kroppen var pillråtten første dagane då Mallorca turen trulig fortsatt satt i.
Den har etterkvart komt seg og følelsen har bedra seg litt for kvar dag.

Sykkelforholda her er temmelig bra. Lite å klage over når ein kan stikke ut kl 7 om morgenen i shorts! Men om det skulle vera noke så har det blåst temmelig mykje dei fleste dagane til no. I følge dei innfødte så er det vårvinden som ikkje var noke unormalt. Heldigvis så spås det at dette skal roe seg om et par dager!

Veiane ligner litt på Gran Canaria med at det går ein vei langs kysten og mange stikkveier opp i fjella. Men øya her er jo mykje større så mulighetane er nok ganske mykje større her. Har bare ikkje fått sjekka ut alt enda. Så snart ein er ute av byane så er det nesten ikkje trafikk i heiletatt. Det er digg! Som du skjønner så er det altså raceren eg har med meg.
Ei lita utfording i starten var venstre sykling og kjøring! Du verden så snodig! Gått seg til både bak sykkelstyre og rattet på bilen vi har leid.

Ei litt uventa utfordring er å finne veien som eg planlegg for kvar økt. Gull å lage ei rute å laste inn på computeren å følge den i staden for å drasse på kart! Men Bryton har jo F******* (sensurert) ikkje kart over Kypros!!!!!! WTF! Hadde eg hatt peng så hadde eg lett reist på nærmeste sykkelsjappe og kjøpt Garmin!
Så blir å lage ei rute og prøve å finne veien etter husken, pluss å stoppe for å sjå på kartet på tlf. Bortkasta tid og øktene får mange unødvendige stopp!
Lesa skilt og finne veinummer er jo som å vinne i lotto. Stedsnavn står på på Gresk, “halv grest” og litt Engelsk! hehe hadde du vært her så hadde du skjønt kva eg meinte. Limassol blir for eksempel på skilt Lemessos og noken greske tegn. Av og til vei nr.
Men men får ta det som ei utfordring og trening av hukommelsen!:P

Over og ut for denne gang! :D

 

This slideshow requires JavaScript.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3