Eventyret på Kypros er over!

Planen var å oppdatere bloggen for kvar veka på Kypros, men det skar seg allerede etter veke 2! jaja slik kan det gå!

Som overskrifta seier så er eventyret på Kypros over. Familien Mehl kom heim igjen til Gjøvik ved 4:30 tida natt til Søndag. Gunstig å reise på kvelden med ungane då sjansen er større for at dei sovner på flyet, men drit å komme så sjukt seint i seng sjølv!

Ja for et eventyr har det vel egentlig vært. Vi har stor kosa oss i casa del Sollis leilighet. 5veker har gått utrulig fort, og vi lurer egentlig på kor dei blei av? Dagane bare fløy av gårde. Vi har vel hatt 2 dagar med regn, ellers stortsett sol eller delvis overskya. Grei temperatur, men nokså plagsom vår vind som vist nok var sterkare enn normalt.
Tida har blitt fylt med mykje familie kos. Tura i dyreparka, på fjellet, kafeer, mange timer på leikeplassa osv.. Bare generelt lite stress og masse kos og hygge!:)

Som beskrevet i  innlegga frå veke 1 og 2 så fortsatte treninga å gå som planlagt dei siste 3 vekene også. 4første vekene blei det ca 20timer i veka i snitt med trening. Tross alt pappaperm så meir enn det tillot eg ikkje meg sjølv å trene sjølv om fruen sjeldent seier nei når eg spør om lov!:)
Intensiteten blei skrudd opp mot slutten av oppholdet. Kjørte med gassen litt meir på. Følte beina stadig blei bedre og at wattmåleren stadig viste meir og meir watt uten at det kosta meir krefter.
Fekk til og med meg første etappe av VW tour og cyprus som starta dagen før avreise. Skulle gjerne vært med på alle etappane, men måtte jo nesten rekke flyet heim!

Første etappe var kort, men kupert. 1time med masterbil! ja du leste rett! 1time! dæven det var drøyt unødvendig. Master gjennom heile byen og ut til bunn av ein 2,5km lang bakke utenfor byen der startstreken var. Men når vi kom dit så var det ikkje snakk om flying start. Neida! 15min med venting.
Når starten da omsider gjekk så var det jo forlengst blitt pausebein! Men men takla det overraskande bra og holdt greit med opp bakken.
Resten av etappen var småkupert. Totalt 38km langt ritt der vi brukte ca 57min.
Brukte rittet sjølvsagt som god trening. Kjørte derfor langt meir aktivt enn det som var taktisk smart. Støting og spurting all over. Tok blant annet ein innlagt spurt.
Blei derfor litt lite krutt igjen til finish’en som var i 4-5% stingning i ca 500m med tung motvind. Feilberegna vel litt også, pluss litt innesperra så blei bare nummer 4. Men samme det! God trening var det!:) Og ikkje minst super gøy å kjøre ritt igjen!

I skrivande stund så er det jo påske og påskefeire på mange. På meg er det fortsatt pappaperm. Det skal eg ha ut april….;)
Og for første gang siden Ella Marie kom til verden så har fruen vært på jobb i dag og eg vært aleina med ho heile dagen…Phju! Heldigvis gått veldig bra tiltross for at plastflaksa med NAN langt i frå er lika godt akseptert som puppen til a mor!
Går seg nok til! Eller det må det bare, for ny sykkelvogn står klar til bruk! ;)

Blei sølvsagt treningsfri på reisedagen. 35min rolig rulle i går da dagen forsvant fort med utpakking, henting av Birk (bikkja) i Odalen og osv.
Hadde håpa på nokre timar rolig i dag, men etter 15min på rulla gav eg meg. Pulsen rett i himmelen, småtett og daff i hovudet! Håper det kun er pga at eg sliten etter reisinga og at det er bedre i morgen. Ingen tid til sjukdom no!! Nærmer seg jo sesong start for alvor……:)

Takk til jentene for ein super fin tur! Hadde ikkje vært feil med tilsvarande neste år også??;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3