Då er sesongen i gang! Sund fellesstart

På tide med update igjen!

Etter ankomst Norge så blei det som frykta ein obligatorisk forkjølelse! Meir eller mindre forventa, men fryktelig unødvendig. Satt seg i bihulene. Heldigvis kortvarig og kom meg på hjula igjen etter 5-6daga.
Dette var likevel lenge nok til at kroppen og beina blei fullstendig søppel igjen. Tunge som bly og dagsform som har variert kollosalt mykje frå dag til dag.

Spenneinga var derfor stor nå eg i går stod på startstreken igjen. Landeveisritt på Sotra utenfor Bergen. Sund Fellesstart. 120km i ei kupert løype der vi kjørte 5runder a 24km.
Perfekt å få slike ritt i beina. Høgfart, mykje støting og bra strekk i kjede som det heite!
Og ikkje fel nå vestlandet stiller med sol på himmelen og temperatur på drøye 10grader!

Ikkje det største startfeltet, men forholdsvis bra nivå på dei som var med. Då med Team Fixit i spissen som stilte med 5mann. Med Filip Eidsheim i spissen som har vist kanon form seinest med 2 etappeseiera i Marokko forrige veke…!

Rittet utarta seg som følger:
Første runden gjekk i rykk og napp, men bruddforsøk heile veien. Sjølv med på det meste som skjedde og brukte mykje krefter ei stund. Målet med rittet var jo god trening så då måtte det jobbast.
Nokre kilometer før runding andre runde kom det 5mann avgårde. Lukta lunta og klarte å kjøre meg opp sammen med 2 andre. Viktig da dette ble avgjerande bruddet. Gruppa samarbeida bra og kjørte meir eller mindre kjedekjøring dei neste 2 rundene.
Som forventa angreip Team Fixit mot slutten av runde 4. Dei satt med 3 mann i gruppa og alle såg farlig sterke ut! Og da var dei. Først stakk ein og så skaut Eidsheim fart og fauk opp til han. Makan til akselrasjon. Sjølv så var akselrasjonen min fullstendig fraværande. Seig somm surmjelk, men med et bra grunntrøkk. Litt som diesel lokomotiv.

Vi blei då sittande å jobbe bak dei to i front, men dei seig i frå. Skjønte fort at det var 3plass vi kjørte for no. Med tredje man fra Team Fixit på hjul heile siste runde så tok han som forventa spurten framforbi meg som klarte å holde nok gass til å ta fjerde plassen,

Driter forsåvidt i plasseringa sida dette var trening og for å få ritt fart i kroppen. Derimot meget fornøgd med at kroppen og beina var så sterke som dei faktisk var! Fleire ritt i beina så kan det jo hende at det blir både litt meir fart og enda meir punch! Ser jo ut på Fixit gutta at 17 ritt på 23 daga hadde gjort susen med tanke på fart i beina vertfall. Sterke karer!

No kjem det til å gå slag i slag meir eller mindre kvar helg framover! Endelig er sesongen i gang! Aalborg MTB maraton neste helg. Må jo nesten prøve å forsvare fjorårets seier!:)

Foto Team Fixit

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3