Aalborg MTB marathon

Som tidligare posta så var det endelig tid for føste MTB ritt denne helga. Aalborg MTB Marathon. Faktisk Danmarks støste MTB ritt med godt over 3000 deltakere. Dog noke tynt i elitefeltet i år, men jobben skal uansett gjerast!

105km fordelt på flystier, litt asfalt og en del kjerre/grusveir. Langt fra teknisk vanskelig, men sjukt mykje kryss og svinger hit og dit! Må jaggu halda tunga rett i munnen for ikkje å sykla feil.

Målet var så klart å forsvare seieren frå i fjor, men aller viktigst var det å få ei skikkelig lang og hard økt på MTB’n. Har ikkje hatt mange timer på den sida i fjor haust. Føler eg har meir trøtt på landeveien enn så lenge. Nokre veker til så er det nok bedre!

Skikkelig hardøkt det blei det. Blei ikkje spart på noke då taktikken for laget var klar. Kjøre hardt og tapetserere pallen!
Begge deler gjekk i boks! Granberg vant suverent forran meg på andre plass og Helgesen på tredje! What a day!

Korleis rittet utarta seg? I korte trekk ca slik som dette frå mitt sykkelsete vertfall:
Granberg gjorde som i fjor, trøkka på gassen når vi kom ut av byen og inn på nokre tyngre parti på gress, etter ca 10km. Feltet blei kjapt sprengt. Han satt igjen aleina i front med ein Danske. Vi fire andre på teamet blei sittande å kjøre halvhjerta bak sammen med nokre andre Dansker.
Inn i første stiparti der tråkka Granberg lett i frå han som satt på hjul. Vi hadde ikkje anna valg enn å la Danskane i gruppa vår gjer jobben med å dra. Perfekt det!
Når dei hadde dratt ei stund og vi kom ut på ein ny sugande kjerrevei så støta eg.
Fekk luke som dei ikkje klarte å tetta. Taktisk riktig så kjørte Helgesen og Zabalo kontra på Danskane slik at vi tre klarte å kjøre oss opp til Granberg.
Vi kjørte då rulle i front der det gjekk, og beit i ESI holkene der Granberg låg i front i stipartia og gav gass. Såg aldri meir til dei bak.
aalborg mtb all four

Ved ca 50km måtte eg bytte bakhjul. Satt opp slangeløst dagen før og tydeligvis ikkje fått det heilt tett. Så tok meg tida til å skifte hjul i ei teknisk sone. Team kompisane slakka litt på gassen slik at eg fekk komma meg opp igjen til dei kort tid etter.

Ved ca 40km igjen så var nok Granberg lei av å vente på oss og fløy av gårde i ein slag bakke på grus. Gudhjelpes til fart. Vi fortsatte å kjøre jamnt for å holde farten oppe.
Zabalo slapp ikkje så lenge etter. Og ved ca 25km igjen så blei eg sittande aleine da Helgesen fikk litt hammeren. Kjørte derfra og inn jamnt og trutt. Såg aldri meir til Granberg til tross for at han hadde måtte stoppa 2 ganger for å etterfylla luft i bakhjulet.
Trilla i mål ca 1,5min bak og ca 4min før Helgesen.
GetResized (1)

Beina var temmelig ferdige på slutten. Eller egentlig gjennom heile rittet. Mangla et gir og to. Går kun på det jamne enda. Kjem seg nok med fleire ritt!
Men likevel veldig nøgd med å ikkje gå på smellen! Utholdenheten er nok ikkje så aller verst!

Neste helg venter Helgøyatråkket som er første ritt ut i Norgescupen maraton. 3knallharde runder med langt fleire høgdemeter enn eg trives med! Mentalt forberedt på et helvete, og garantert mega smellen. Den kjem alltid i den løypa der!
Om beina går an å bevega dagen etterpå så er planen å kjøre JH-rittet på Elverum også. Med andre ord ei hard helg, men trenger ritt i kroppen:)

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3