NC maraton åpning – Helgøyatråkket! 3Plass!

Norges cup åpning i maraton unnagjort.
Med snøbyger i lufta og 2pluss grader låg alt til rette for et kaldt og surt ritt! Men heldigvis ville værgudane da annerledes, og trakk fram sola like etter start!

Helgøyatråkket er etter mi meining ei hard løype som suger kreftene ut av deg. Sakte men sikkert på dei 3 rundane a 25km med ca 700høgdemeter per runde.

Startfeltet såg aldeles knallhardt ut med meir eller mindre rubbel og bit av Norges eliten til start. Med unntak av den kanskje sterkaste i Norge per nå Team meat Granberg.
Ambisjonane var så som så då beina har vært fæle den siste tida. Ja har hatt grei marsj fart inne, men regelrett hatt vond musklatur i låra. Så følelsen har vært banalt dårlig. Så topp 10 var målet.

Starten gjekk og saueflokken av vår yre mannfolk med ny høvla legger gjekk kl 11. Som alltid så smeller folk til fra start. Tråkker som gale. Skulle tru mål var etter 7,5km i staden for 75km.
Jaja eg hadde bestemt meg for ein ting. Kjøra mitt eget ritt og la alt og alle få kjøre fra seg i starten. Heller plukke rytter for rytter utover rittet.
Etter første runde som eg følte var ganske kontrollert for min del låg eg beskjedent til. Ca 15plass. Såg ei større gruppe ikkje langt framfor. Litt utover på andre runde henter gruppa eg sitter i igjen dei forran. Med unntak av to mann, Erik Key og Thomas Engelsgjerd som hadde stukke i fra og fått fleire minutters ledelse!
Blei kjørt forholdsvis jamnt i gruppa der eg satt no. Vi satt då å kjørte for siste pallplassen. Det skalla av folk heile tida og gruppa blei mindre og mindre.
Ved runding ut på siste runde var vi kun 5mann igjen. Følte meg overraskande bra og satte meg i front. Der blei eg sittande heile runden. Kjørte jamnt hardt heile veien. Male male…
Og etter siste langing midtveis så skrudde eg opp et knepp. Høyrde lyden av pusten til Bjørnstad blei kraftigare og kraftigare i nakken på meg. Et lite knepp til og eg fekk luke på dei siste to som satt på hjul. Kjørte derfra og inn det eg makta for siste pallplassen skulle eg ha no når sjansen var der!

Luka blei større og større og etter siste stiparti med kun grus og asfalt inn til mål, var tredje plass sikra! Lettare overraska når eg kom i mål. Fant ut at eg kun var 30sek bak andre plassen til Erik Key som hadde fått hammeren. Skulle nok ikkje vore veldig mange fleire km før eg hadde pusta han i nakken også.

Samma det egentlig. For i dag var 3plass ein skikkelig opptur! Langt over forventa! Skikkelig moro!
Sykkelen Birk 290elite med XX1 og Maxxi Ikon dekk var et perfekt valg i dag for min del. Funka strålande!:D
3plass på NC avslutninga på Skarverittet i fjor og 3plass på første NC i år. Lov å håpa på enda høgare på pallen seinare i år da eller?!

Gratulerer til Thomas Engelsgjerd med suveren seier og til Erik Key med 2plassen.

Må og få rette ei stor takk til langerene som stilte opp for oss i dag! Kudos til dåke!!:D

Btw så venter det nytt ritt i morgen. JH-Rittet. 75km landeveisritt i ei forholdsvis flat løype som det normalt sett er stor fart på. Viktig å få inn litt fart i kroppen og ikkje minst det å tyne kroppen to dager på rad. God trening!  Og ikkje minst moro. Ritt er jo det som er kulest med syklinga:D01f7272eeda16a3f140268dcb5e401f8f4981f9758 01c8d5a1ecf16f5439b3fdd2baba8b735614042c10 01d2097a8fadc7d77d1cb64b97d0f7e60165cc69f7

2 Comments:

  1. Hei, gratulerer med sterkt løp! Hvor stort drev foran kjørte du med igår?

    • Hei!
      Takker!:)
      Brukte 36T. Gikk greit for min del. Men veit om folk som brukte heilt ned i 32T og syns det var ok også. Liker litt tunge gir så til nå aldri hatt noke mindre enn 36T ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3