JH – Rittet 2015.

Som nevnt i går så skulle eg kjøra ritt i dag også.
Har kjørt dette rittet fleire år no og alltid dagen etter Helgøyatråkket. Merkverdig nok meir eller mindre alltid med bra bein etter Helgøyatråkket.
Idag var intet unntak!

70km landevei i ei temmelig flat løype med unntak av bakke på ca 10min midtveis. Som regel stor fart og mykje støting og ingen brudd som går inn. Som då ender i massespurt.
Håpet var i dag å komme av gårde for å få et så hardt ritt som mulig med mykje dunking.
Og jaggu gjekk det som planlagt. Etter ca 8km gjekk det et avgjerandre brudd.
Der var sjølvsagt eg!;) Sammen Dan Erik Hansen frå Rye og Oddvin Offigstad frå Lillehammer CK.

Vi kjørte hardt og fekk nok sekunder til at hovedfeltet begynte å sjå på kvarandre. Seig jamnt i frå og såg ikkje meir til dei. Vi malte jamnt på. Høgt tempo på flater og nedover. Litt roligare i bakken for å kunne holde trøkket etterpå. Dette funka som fy.
Ved ca 10-15km igjen begynte vi å sjå litt meir på kvarandre. Farten gjekk ned og det var tydelig at ingen ville bruke meir krefter enn nødvendig mot slutten.
Med 1km igjen såg vi feltet bak oss, men var ingen fare for at dei tok oss igjen.
Mot oppløpet som er i lita kneik på nokre hundre meter lag eg som nummer to bak Oddvin og Dan Erik på mitt hjul. Såg på kvarandre…mange ganger…Kem går først..
Bang! eg smalt til..fekk nokre meter, men Dan Erik seig innpå og fekk hjulet og for til slutt forbi. Pokker ta! Tapte spurten og blei då nr 2. Første taparen med andre ord. Vertfall sida det kun var premie til vinnaren:P

Jaja! fekk uansett ei konge treningsøkt med bra dunking! Akkurat som eg håpa på!
Bra helg med 3plass i går og 2 idag! :D

Når kommer seieren?

Resultatliste: http://www.eqtiming.no/Result/?eventUID=15831%20%20

One Comment:

  1. Pingback: Tung uke avsluttet med årets første seier og Landevei avslører min ukjente tvilling…!!! | DanErikHansen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3