Moratråkket og Furusjøen rundt NC maraton ritt 4.

Nok ein gang på tide å oppdatera sida! For drøye 14 daga sida kjørte eg Moratråkket. Et ritt eg aldri har kjørt før da det dei siste åra har stått Valdresrittet på planen min. Men fint å prøve noke nytt. Hadde hørt at dette var typisk grusbanke ritt på ca 50km så det skulle passe meg bra. Hadde på ingen måte lagt opp treninga til å ha god bein så visste det kom til å bli hardt. Særlig med Steffan Repshus og Eirik (junior) Fiskvik på start. Rittet gjekk greit første halve timen før vi gjekk inn i første terreng parti. Her sprakk det skikkelig opp og vart kun oss tre igjen i front. Blei lenge litt lure løp der ingen ville legge maks i det. Men det endra seg når junior drog på litt nedover ein kjerrevei ca midtveis. Han kjørte fulldemper. Repshus tryna og vi satt då opp farten i front for å unngå å få han opp igjen. Eg la nok litt vel mykje i føringane mine i forhold til Fisk! For når han utnytta både fulldemper og lokalkunnskaper nedover ein flytsti måtte eg gje luke. Klarte til slutt å tette den etter virkelig å gått i kjelleren. Fekk et grusstrekk å kvile litt på før vi dunka inn i ei skiløype dei siste 3km. Hadde hatt ein liten tur gjennom det siste partiet på oppvarminga, men tydeligsvis ikkje alt. For første delen var ei myr som eg ikkje var forberedt på! Fisk skaut fart over myra, mens eg fekk hammeren og selit med å komme over:P Innsåg fort at slaget var tapt og gav opp. Så Fiskvik vant med ca 20sek. Repshus nr 3. Fint ritt som eg gjerne kjører igjen. Men då trulig på fulldemper eg også då partia som faktisk er avgjerande er på humpetittenteia og ikkje på grus!;) 11720136_10153310508161281_553440713_n   Furusjøen rundt – NC maraton 4. Manndoms prøven i Rondane! Et ritt eg har unngått å kjøre dei to forrige åra kor det har vore NC og NM. Men i år måtte eg jo bare for å kunne få med meg poeng i norgescupen sammenlagt. Et ritt med 2100 høgdemeter og 71km langt. Det er forsåvidt overkommelig, men høgdemetrane kommer i så brutalt bratte bakker at det knapt flytter seg! Første 2,5t på høgfjellsstier før ein skal knekke seg opp igjen frå Kvam på grusveier til mål oppe ved Furusjøen. Hadde liksom ikkje dei heilt store forhåpningane, men veit eg er seig og at mykje kan skje på ritt som går opp mot 4times ritt tid. Starten gjekk greit og som antatt samlet felt etter liten tur på grus før det bar til fjells. Rett inn i monsterbakken! Gå parti i bunn. Stressa fint lite og lot folk passere og dra i fra. Visste etter gjennomkjøringa av løypa tidligare i veka at her kunne ein ødelegge rittet allerede etter 30min ved å kjøre for hardt i starten. Holdt igjen litt og begynte å hente folk litt etter kvart oppover fjellsida då dei hadde gjort det motsatte av meg! God følelse det! Foruten om Carl Fredrik Hagen som har vinger og flyr oppover fjellsida så hadde eg øyenkontakt med dei forran meg og på ingen måte gitt opp å kjøre meg opp igjen. Når vi omsider kom oppå fjellet fekk eg grei flyt og fart. Nærma meg gruppa på 4-5mann som då kjørte om 2plassen. Følte meg bra ved Krøkla etter ca 20km som var første service plass. Distansert Engelsgjerd som har gultrøya i cupen. Digg! blei skikkelig motivert og såg gult i det fjerne! Men på toppen av ei stigning like etter Krøkla så var det noke som ikkje stemte. Sykkel begynte å gynge meir og meir og ein ekkel lyd frå bakhjulet! Pungtering! Pokker ta!!!! Begynte å rote i lomma etter patrona med luft! Trur du ikkje den hadde falt ut ut! Blei nokså i villrede for kva eg skulle gjera! Heldigvis kom Christian Amdal ikkje så langt etter og var utrulig grei å gav meg patron med dyse på! Inn med slange og på sykkelen igjen! Mange hadde passert meg, men gjekk ein fanen i meg og bestemt meg for å kjøre som F….. nedover fjellet for å ta att mykje av det tapte. Tok igjen mange og kjørte blant anna frå gultrøya nok ein gang. Såg lyst på livet igjen. Pfffff! ny pungtering!!!! no hadde eg verken luft eller slange. Heldigvis ein mosjonist akkurat derdet skjedde som gav meg begge deler! :) På sykkelen igjen og tok nok ein gang igjen gultrøya som vireklig ikkje hadde dagen. Men kort tid etter sa det jaggu Pfffffff igjen!! Slangen eg fekk i stad var ein 26″ latex slange så ikkje av sterkaste sort! Hell i uhell så var det jammen ein mosjonist her også som hjalp meg! Utrulig takknemlig for hjelpa eg fekk frå alle som hjalp! Alt håp om ei god plassering var jo ute, men måtte jo til mål i håp om å vertfall forsvare 2plassen sammenlagt. Så blei ein fryktelig lang tur frå Kvam til mål, men holdt jamnt grei fart likevel. Rulla omsider drøye 25minutter etter CF Hagen som vant overlegent inn til 8plass. Etter å sett på GPS fila så har eg 12-13minutter stopp/tap i tid pga alle problema. Hadde eg trukke frå detta hadde eg heilt klart kjempa om 3plassen. Kjipt å tenke på! Særlig når gultrøya fort hadde blitt mi! I stede blei det ein kamp om å komme seg til mål og tap av poeng i stede. Engelsgjerd våkna då han kom på grusen og kjørte inn til 6plass. Christian Amdal på 4plass. Så han er bare 30poeng bak meg no. Thomas 240poeng forran. http://www.sykling.no/ranking/Sider/NCF.aspx Et ritt igjen i cupen så da skal det mykje til å få seieren! Men alt er mulig i idrett! 11037045_763989750376384_8580972084876736357_o11241023_763990477042978_4008297024454178186_o Foto: Anton Hanevik

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3