Helterittet – NM maraton :)

For tredje år på rad har eg tatt turen til idylliske Rjukan og Helterittet.
Med forandring på løypa for kvart år har rittet gått frå grusbanking til skikkelig terrengritt. Syntes løypa har vært tøff nok dei forrige åra så det vanka ingen tvil om kva eg hadde i vente i år. 110km med 2400 høgdemeter og et nytt stiparti som virkelig krevde sinn mann bare for å komme opp. Men med tanke på kva Sønsteby og resten av heltane gjorde for ca 70 år sida så er jo rittet i og for seg bare blåbær! ;)

Etter nokre do besøk gjekk omsider starten kl 9:45. Med nydelig solskinn og behagelig temperatur! Digg! Stille før stormen nedover dalen før vi skulle svinge opp i lia. Lang bratt bakke opp mot Miland. Drøye 600 høgdemeter på 7,5km. Liker ikkje så bratte bakker og særlig ikkje i starten på ritt!
Kjører med wattmåler og planen var å prøve å holde følge med team kompis Granberg. Dersom det var mulig uten å heilt på smellen. Viste seg fort at giret hans det har eg ikkje inne så laut sleppa meg ned på meir passelig fart. Eller dvs eg kunne nok hodlt følge, men med tanke på at det fortsatt var 4timer igjen å sykle ville det ødelagt meir enn det smaka.

Havna i ei ganske stor gruppe som kjørte jamnt oppover. Litt småkupert på toppen før vi bikka bratt ned att til Atrå. Kjørte ganske safe nedover då eg ikkje ville risikera å punge. Til tross for at eg låg laaangt bak i feltet, ca 20plass så var eg fremdeles med i rittet. Visste at mitt terreng kom utover i rittet.
Kom meg gjennom stipartiet i Atrå på ein fornuftig måte med grei fart.
Ut på asfalt oppover dalen. Her gjekk det smått ettersom dei eg satt med virka rimelig kokte i toppen bortsett frå Christian Amdahl som virka pigg.
Inn på det nye stipartiet som var stortsett sykkelbart dagen før på gjennomsyklinga. Med slitne bein var det lite aktuelt å sykle så bare å ta beina fatt!

Tida gjekk og kilometrane gjekk lite avgårde. Omsider så kom vi inn i den gamle løypa og meir Mehl terreng. Grusveier! Tok litt tid før beina kvikkna litt meir til etter stisyklinga. Hjalp svært på med påfyll av Cola, Fresubin og Nutrixxion i langesona i bakken oppover mot Kalhovd.
Maskineriet begynte å male igjen. Syns dei eg satt med blei meir og meir tafatte og tildels meir i veien enn til hjelp. Bortsett frå Amdahl som fortsatt kjørte bra.
Omsider oppe på Kalhovd skifta vi himmelretning og fekk særdeles deilig medvind i ryggen over heile vidda. Dette gav meg ein ny giv og skrudde opp tempoet i håp om å ta igjen fleire med rødt startnr (elite klassen).
Tok igjen ei gruppe der Bjerkseth satt på hjulet til ein del i masterklassen som kjørte ei anna løype enn eliten. Han hadde fått hammeren og vi suste forbi.
Kom da inn i siste skikkelige bakke. 5min lang med litt meir overkommelig stigningprosent. Amdahl skrudde opp farten og vi to fekk luke på Vegard Fredheim og Tom Larsen som hadde sitte med oss lenge. Dog mest på det siste nevnte, sitti med;)

Visste lite om at eg då var oppe på 5plass i rittet. Vi holdt koken oppe. Begynte å bli godt fesen og frykta amdahl bare skulle fise i frå meg i siste stiparti.
Han kom først inn på det. Og med han på fulldemper så var eg forberedt på at han kom til å dra til. Holdt overraskande “lett” følge. Og når han feila i ei myr så kom eg forbi. Fekk ei lita luke som eg holdt gjennom heile stipartiet. Snakk om bare nokre sekunder, men nok til at han liksom ikkje fekk heilt kontakt.
Klarte då å komme først når vi skulle ned downhill løypa som går rett ned fjellsida i Rjukan. 22 serpentinere!
Gassa på litt i starten og skjønte at han sleip med tempoet nedover og kunne safe litt meir lenger nede. Holdt greit unna til mål.
Steike fornøgd når eg blei fortalt at eg kryssa mållinja som nr 5!
Femte plass i NM maraton i ei knallhard løype som absolutt ikkje passa meg bortsett frå lengde då eg er ein seiging!:)

Ingenting å gjera med ein fullstendig overlegen Carl Fredrik Hagen som tok gullet på overbevisande vis forran Ola Kjøren og Lars Granberg.
God dag for teamet med 3 og 5 plass i NM!:)

Til helga venter cykelvasan! Der har eg høge ambisjona….! Så følg med!:)
11855898_470696029799012_2503573751024663165_n 11822746_470700903131858_6251523656591717181_n

 

2 Comments:

  1. Hei

    Hva bruker du til å måle watt?

Leave a Reply to Eirik Vollen Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3