Dag 4


Dag 4!
Litt meir usikkert vær i dag, med våte veier fra start, men ikkje nedbør!
Vi kledde vel på oss litt i meste laget alle mann, men sida vi skulle over ein del fjell var det gått å ha litt ekstra til nedover bakkane.

Turen skulle vera på rundt 150km i dag med kuppert terreng. Kjørte rolig dei første timane før vi kom inn til fjella og den første stigninga opp til Lluc. Ei nydelig stigning med passe helling og ny asfalt. Rolig tempo her heilt til vi blei passert av profflaget Caisse d’Epargne! Det var nett som å høyra lyden av ein buss! Makan til tempo altså! Vi hang oss nett på i nokre hundre meter. I følge Slemdals powertap så låg dei på rundt 500W!!! Da e grett mykje!! Dei driv nok og lader opp til Mallorca rundt som starter om nokre dagar ;)

Vidare gjekk turen til Soller der da blei kaffi og kake stopp på ein liten cafe. Etter det blei gruppa litt meir som ein saueflokk som splitta seg litt i bakken opp frå Soller og mata på med litt lagtempo på nokre flater! Men var herlig godt med ein slik utblåsning i dag! :)

Når det gjaldt regnet som var meldt var vi ekstremt heldige og fekk ikkje regn før den siste havle timen! Herlig!!

I morgo er det lagt opp til kvile dag. Da trur eg det for min del blir ein tur på styrke rommet på hotellet pluss ein time hos ein norsk massør som holder til i kjellaren på hotellet! Blir nice! :)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3