Opp og ned!

Dag 7

Det stod ein har dag på programmet i dag. 150km i kuppert terreng med tre innlagte intervalla på 15min. Men med fint vær og lite vind så låg alt til rette for ein fin fin dag på setet også i dag :)

Løypa gjekk ut gjennom Palma by og bortover langs vestkyssten på øya. Mykje fine bakkar på passelige lengder og stigningsprosent.
Inntervallane blei tatt litt her og der og når vi var ferdige med dei vart da kaffi/kake pause i Soller. Var mange som trengte litt påfull då vi hadde runda 100km i humpete terreng!
Derfrå og heim gjekk da rolig og fint for seg, og vi fekk sjå skilsa til Lykkja når da gjaldt å skifte slange ettersom at han punga då vi tok inn på ein stengt vei som var under ombygging og som altså då bestod av grus og jord som dekke! Smart gjeng! hehe Hompete og fælt parti på 4km, men alt for å komma oss fortast mulig heim. :P
Når vi kom heim viste speedometeret 148,7km så skal sei vi teima da bra i dag! hehe rett i underkant av 3000høgdemeter så vi har forsert litt bakkar ;)

Sjølv så har eg begynt å slita med akilissen på eine foten. Håper eg klarer å bli kvit det fort som f…. ellers e da fare for at da blir ufrivillig fri frå treninga! Langt frå optimalt! Men får sjå korleis da utvikle seg dei neste dagane! Evig optimist til da e grunn til å ikkje ver da lenger! Hehe

Skal få på plass biler i kveld folkens!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3