Oppsummering

caisse d'epargne paserte oss. Deriblant den spanske mester


Siste sykkeldag for min del blei avslutta med ein skikkelig langtur sammen med bare Kristian og AG. Resten av gjengen valgte å kjøra litt kortare då mange begynte å kjenna at vi hadde sykla mykje dei siste to vekene.

Vi tre kjørte 200km den dagen der vi kjørte rolig og fint dei første 4timane, mens etter ein velfortjent matpause på burger king blei tempoet vesentlig høgare dei siste 2,5timane der vi kjørte hardt og med ein god del støting og spurting. Veldig artig tur og avsluttning på samlinga.

Når eg no ser tilbake på heile samlinga så har eg fått da utbyttet eg var ute etter, men også lært ein god del. Fekk den mengde treninga som var planlagt til tross for problemer med akillisen.
Vi var 3-4stk som var vel ivrige den første veka og det viste seg at det var vi som også vart mest slitne den andre veka. Så vi lærte til neste og andre samlingar at det er viktig å ha litt is i magen sjølv om ein føler seg skikkelig pigg dei første dagane. :)

No blir da to litt roligare veker der fokus blir å få overskudd til neste samling som blir knall hard. I tillegg må eg klara å bli heilt restituert i akillisen og skuldera som eg fekk problemer med under samlinga.
Vi får også dei nye syklane våre i den nermaste framtid. Blir kjekt at alle har samme utstyr neste samling slik at vi slepp å sjå ut som ein saueflokk! ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3