NC åpning Bergen


Då var årets Norges cup i gang!
I knallhardt vestlansk terreng med mykje bakkar var det duka for ein hard dag på sykkelsetet! Og det blei det!
Vi fekk allerede opp Gullfjellet etter ca 4mil ein smakebit på korleis dagen skulle bli. Det sprakk opp og eg satt i andre gruppe, men vi kjørte oss greit inn igjen etter toppen.
Etter 90km tok vi til på Fanafjellet som skulle forseres tre ganger. Eg var godt plassert inn i bakken, men klarte ikkje heilt og holde dei aller sterkaste. Så det gjekk av gårde ei ca 12mann stor pulje med bare favoritter. Eg blei sittande i neste gruppe der vi i låg bare rundt 30-60sek bak, men klarte aldri å ta dei igjen.
Så det blei ein kamp om ca 10plassen i i gruppa mi då vi sku opp fjellet for målgang på toppen. Eg prøvde det eg klarte, men skikkelig hammeren dei siste 100metrane til toppen. Så det enda med ein 20plass idag.
Er godt fornøgd med innsatsen og kjørestyrekn til tross for at eg føler det enda er et par hakk til formen er heilt på plass.
Også ekstremt fornøgd med å klare å plassera meg langt framme i feltet heile veien i staden for å ligge på halen som eg har hatt ein tildens til dei tidligare åra. Mykje positivt å ta med meg vidare utover sesongen!

Nytt ritt i morgo tidlig. Så no er da legge tid ;)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

  • Widget 3